Jarl Iversen. Arkivfoto NRK
- Dråpen som fekk begeret til å renne over er avslaget frå klagenemnda til Innovasjon Norge, seier Jarl Iversen frå Askvoll.
Han seier at han det siste halve året har tapt ein halv million kroner på slaktebilplanane.
Mykje motgang
I fire år har Iversen kjempa for å få til eit mobilt gardsslakteri i Askvoll. Tanken har vore å køyre frå gard til gard og slakte heime hjå bøndene. Etter mykje motgang såg det i fjor ut til å gå Iversen sin veg, etter at næringskomiteen i Stortinget vedtok å forenkle regelverket.
Finansierer ikkje forskingsoppdrag
Roar Tobro i Innovasjon Norge seier han ikkje vil kommentere denne saka spesielt, men på generelt grunnlag seier han at det ikkje er deira oppgåve å finanisere forskingsoppdrag.
Får støtte frå Ap
Næringspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet, Olav Akselsen, meiner Iversen har grunn til å vere misnøgd.
- Sponheim har ikkje vore spesielt oppteken av å følgje opp denne eller andre saker der ein har prøvd å få til nisjeproduksjon, meiner han.
Akselsen meiner at Iversen og andre nyskaparar hadde hatt det betre med Ap i regjering.
- Eg kan love at Innovasjon Norge vil få meir pengar med oss i regjering. Vi er også opptekne av at det gjennom midlane til landbruksdepartementet skal vere enklare å få til nisjeproduksjon enn det er i dag, meiner Akselsen.
Avslag to gonger
Iversen seier at han frå næringskomiteen blei lova at dersom han fekk med seg Mattilsynet på laget, skulle også pengane kome. Men no har han fått avslag to gonger og har ikkje fleire klagemoglegheiter igjen.