Hopp til innhold

Tapte 48 millionar kroner

Sparebanken Sogn og Fjordane måtte tapsføre 48 millionar kroner i september.

Sparebanken Sogn og Fjordane
Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane / NRK

Administrerande direktør Arvid Andenæs meiner finanskrisa ikkje er over i fylket, og seier 2009 vil vise underskot i mange bedrifter.

«Bedrifter som sel varer og tenester til utlandet er inne i ei krevjande tid med svak ordretilgang, låge prisar og sterk krone. Både verftsindustrien, reiselivet og metallindustrien blør om dagen. I tillegg kjempar torskeoppdrettarane med sviktande marknad og sjukdomsproblem», står det å lese i ei pressemelding frå banken.

Syner att i resultatet

Dette syner igjen på resultatet til Sparebanken Sogn og Fjordane for tredje kvartal. Resultatet enda på 104 millionar kroner. Det er nedgang i høve til same periode i fjor, då resultatet var på 195 millionar kroner.

God privatøkonomi

Så langt i år har utlåna til næringslivet gått ned med vel 2 prosent, mens utlåna til privatkundane har auka med 7 prosent.

- Økonomien til folk flest er betre enn nokon gong. Det merkar vi på solid vekst i innskot og god etterspørsel etter huslån. Trass i finanskrise får avdelinga vår for eigedomsmekling eit rekordår med stor omsetnad av bustadar. Særs låg rente og god lønsutvikling er mykje av forklaringa, seier Andenæs.