Han seier dei langsiktige verknadene avhenger av korleis Nordfjord Kjøtt handterer saka. Det beste er å løyse saka kjappast mogleg utan å vere for oppteken av skyldspørsmålet, seier han. Supphellen viser til Meny-kjeden, som selde mat som var gått langt over datostemplinga. Tapa deira var kortvarig, fordi dei behandla saka bra.
Det infiserte kjøtet kom frå Polen. Prorektor Trond Blindheim ved Oslo Markedshøyskole trur at det som blir mest skadelidande i slike tilfelle, ikkje er verksemda Nordfjord Kjøtt, men utanlandsk kjøt i det heile.