Hopp til innhold

Trailerar og tankbil full av diesel kolliderte

KJØSNESFJORDEN (NRK): Ein person vart lettare skadd då trailerar kolliderte og ein tankbil full med diesel velta ved Fjærlandstunnelen. Krevjande vêr og føre gjorde bergingsarbeidet vanskeleg.

Fleire trailerar køyrde ut og kolliderte på rv5 i Jølster.

SJÅ VIDEO: Fleire trailerar køyrde ut og kolliderte på riksveg 5 i Jølster. Foto: Steinar Lote/NRK

Frå klokka 20.30 tysdag kveld vart det manuell dirigering for alle køyretøy forbi ulukkesstaden, mellom Fjærlandstunnelen og Støylsnestunnelen på riksveg 5.

Ein person vart frakta med ambulanse til sjukehuset i Førde med lettare skadar, og vegen vart stengd i fleire timar etter ulukka, før vogntoga vart rydda vekk frå vegbana. Ein pumpebil tok seint tysdag kveld til med å tømme tankbilen for diesel.

Klokka 22 var arbeidet ikkje over, og vegvesenet dreiv framleis manuell dirigering på staden.

Trafikkulukke, dieselbil velta ved Fjærlandstunnelen på riksveg 5

DEKK LIGG STRØDD: Den andre bilen som fekk store materielle skadar var lasta full av dekk.

Foto: Oddleif Løset / NRK

40.000 liter diesel

To av lastebilane var på veg opp mot Fjærlandstunnelen, og ein lastebil fullasta med dekk, var på veg ned. To av dei fekk store materielle skadar. Den tredje bilen fekk minimale skadar.

Fleire hundre meter autovern vart rive vekk.

– Vi brukte mykje tid på å rydde vegbana for innelåst trafikk, sa innsatsleiar for politiet i Sunnfjord, Joachim Malterud.

Velta tankbil, trafikkulukke ved Fjærlandstunnelen på riksveg 5

STENGD: Det vil truleg ta fleire timar før vegen blir opna etter ulukka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tankbilen kan ha vore lasta med 40.000 liter diesel, og politiet frykta ei stund at det skulle renne ut i terrenget. Dei oppretta difor ei sikkerheitssone på 300 meter rundt ulukkesstaden.

Det kom små lekkasjar frå tankbilen, men utsleppa vart stoppa.

Svært glatt på staden

Joachim Malterud

DÅRLEG VÊR: Joachim Malterud, innsatsleiar for politiet på staden, seier dei krevjande vêr- og føreforholda gjer redningsarbeidet vanskeleg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet veit førebels ikkje årsaka til ulukka, men det var svært glatt på staden. Det var også sterk vind og mykje snø i området, noko som gjorde det utfordrande for hjelpemannskapet.

NRK sin reporter på staden rapporterte om ekstremt glatt veg, det var vanskeleg å halde seg på beina.

– Ryddearbeidet er vanskeleg på grunn av vêr og vind, sa Malterud.

Arve Dvergsdal

KAOTISK: Innsatsleiar for brannvesenet Arve Dvergsdal seier situasjonen var kaotisk.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Både Fjærlandstunnelen og Bergstunnelen på riksveg 5 var stengde.

– Kaotisk

Alle naudetatane rykte ut etter at meldinga kom klokka 15.30.

Innsatsleiar for brannvesenet, Arve Dvergsdal, kom først og seier det såg kaotisk ut då dei kom til ulukkesstaden.

– Heldigvis var ikkje skadeomfanget større, eg trudde det då eg kom. Det låg bildelar rundt omkring, og fleire vogntog stod delvis utfor vegen, fortel han.

VELTA: Tankbilen velta mellom Fjærlandstunnelen og Støylsnestunnelen.