Hopp til innhold

Gir 81 065 kroner til kommunen

Kronerullinga etter Tall Ships Races i Måløy er avslutta. No har Helge Hafsås overført resultatet på 81 065 kroner til Vågsøy kommune.

Tall Ships Races i Måløy

Skutefesten i 2008 gjekk 15 millionar kroner i minus.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Kommunen kan bruke pengane slik den vil, men vi oppmodar om at pengane blir brukt mest mogleg fornuftig, seier Helge Hafsås til Fjordenes Tidende.

- Ein liten skjerv

Hafsås tok i desember 2008 initiativ til kronerullinga for å hjelpe kommunen ut av det økonomiske uføret etter Tall Ships Races-arrangementet som gjekk over 15 millionar kroner i underskot.

Hafsås seier til avisa at kring 60 bidragsytarar har støtta med alt frå ein hundrelapp til 4 000 kroner.

- I forhold til underskotet, så er dette berre ein liten skjerv. Men vi er godt nøgde med aksjonen, og har fått gode tilbakemeldingar på initativet. Vi håpar pengane kan vere eit signal om at det nyttar å tenkje positivt, seier Hafsås.

- Veldig positivt

Ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden, seier til avisa at han førebels ikkje veit kvar pengane skal brukast. Samstundes understrekar han at det er nok av område som treng meir midlar.

- TSRM-underskotet har gått utover pengane vi har til drift, så dette kjem vel med. Vi brukar alle pengar fornuftig, og vi har nok av oppgåver, seier han.