Av
Det er klart etter at Høgre-politikar Michael Momyr frå næringskomiteen på Stortinget besøkte området i dag.
Det er Riksantikvaren som har sett ein stogg for planane, som vil gje 20-30 nye arbeidsplassar. Riksantikvaren vil ikkje ha utbygging i området på grunn av dei mange gravrøysene.
- Spanande prosjekt
Michael Momyr meiner verneinteressene blir ivaretekne med dei eksisterande planane.
- Dette er eit spanande prosjekt som tek vare på naturen og kulturminne, og som gjev mange arbeidsplassar i lang tid framover, seier Momyr.