Hopp til innhold

Svært glatte vegar mange stader

Det haglar inn meldingar om glatte vegar til Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen. Han ber bilistar vere forsiktige.

Glatt veg Førde

GLATT: Slik ser det ut i Førde i morgontimane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har fått ein del tilbakemeldingar, spesielt frå ytre Sogn og Sunnfjord, Hyllestad og Askvoll mot Førde. I tillegg har vi fått meldingar frå indre Sunnfjord og ytre Nordfjord, seier Erikstad.

Det er spesielle vêrforhold som gjer at bilistar bør vere merksame, seier Erikstad.

– Det ligg rundt 0 grader, og er is og regn om kvarandre. Entreprenørane melder at dei saltar, men at det regnar vekk att. Så dei slit med å halde standarden ein del plassar no.

Entreprenørane har ute det dei har av bilar, som forsøker å salte.

– Hovudvegane blir prioriterte, og ein del av dei mindre fylkesvegane kjem i andre rekke. Det er mange glatte vegar no, spesielt på dei mindre fylkesvegane rundt omkring. Der må folk vere forsiktige, rett og slett, seier Erikstad.