Høyangerguten, som syklar for Sogn CK, er eit stortalent innan sykkelsporten, og på den korte versjonen av Jotunheimen Rundt var det aldri nokon tvil om kven som kom til å stikke av med førsteplassen.
– Han var berre eitt minutt bak løyperekorden, og det i forhold som mildt sagt var varierande. Dette er svært imponerande, seier leiar for Jotunheimen Rundt, Håkon Nesse, til NRK.
NRK sin fotograf Torje Bjellaas, sykla sjølv rittet, og resultatet av den 137 kilometer lange kraftprøva kan du sjå i videoen i denne nettsaka.
- Les også:
Sjølve Jotunheimen Rundt er 430 kilometer blodslit, med start i Lærdal og mål i Sogndal. I år var det Jon Andreas Klokkehaug frå CK Viktoria i Trondheim som vann på tida 12 timar og 39 minutt. Kjersti Aanderaa frå Sandnes SK vann kvinneklassen.
– Eg må få lov til å rose alle deltakarane som fullførte rittet i dette vêret, men ikkje minst må eg gje ein honnør til alle dei frivillige som står på for at arrangementet skal gå så knirkefritt, seier rittsjef Håkon Nesse.
Sedrik Engebø Ullebø har sjølv ikkje vore tilgjengeleg for kommentar så langt søndag. Ikkje fordi han har sove frampå som andre tenåringar, men fordi han skulle ut på ei treningsøkt!