Hopp til innhold

Supporterleiar trekte framlegg til Sogndal Fotball

– Eg ser at det er stor risiko for meg sjølv, i den forstand at det kan gå ut over mi livsglede. Den 20-prosenten kan velte toppfotballsatsinga til Sogndal.

Eirik Bakke og Vidar Vadseth

TREKTE: Det er ikkje tvil om at Vidar Vadseth (t.h.) har sitt hjarte i Sogndal. Det var også difor han trekte framlegget om at Sogndal Fotball skal dele overskotet sitt med idrettslaget.

Foto: Rune Fossum / NRK

Slik innleia leiar for Saftkokaradn, Vidar Vadseth, innlegget som enda med at han trekte framlegget om at Sogndal Fotball skal gi 20 prosent av overskotet til Sogndal idrettslag.

Han sa han har grubla mykje på framlegget, at han i ettertid ser at det kan bli vanskeleg å gjennomføre.

– Eg er nøydd til å trekkje det, og eg beklagar overfor alle som meinte at det var eit godt framlegg, sa han under årsmøtet i fotballklubben i dag.

Vadseth gjorde framlegget fordi han opplever at avstanden mellom toppfotballen og resten av bygda aukar. Han frykta at det tærer på både dugnadsvilje og entusiasmen rundt laget.

Framlegget vart av styreleiar Tor Arne Ness skildra som godt, men at det var ei samansett problemstilling som truleg vart vanskeleg å gjennomføre i praksis.

Sogndal Fotball budde seg likevel til handsaming av framlegget under årsmøtet. I staden vart det altså trekt av supporterleiaren.

Før møtet vart det kjent at klubben gjekk 3,7 millionar kroner i underskot i fjor.

– Eg torer ikkje leve med at dersom dette skulle gå gale, og toppfotballsatsinga til Sogndal ryk på grunn av mitt framlegg, så trur eg ikkje at eg hadde fått sove så veldig godt, sa Vadseth og oppmoda idrettslaget og fotballaget til eit godt samarbeid for idretten i bygda.

Årsmøtet vart strøyma av Sogn Avis. Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå Vadseth.

Under møtet kom det fram at det er eit arbeid som allereie er i gang.