I Stryn handlar det om å samlokalisere Stryn vidaregåande skule, på Sandane er det utbygging av Firda vidaregåande skule og Trivselshagen.
– Det er på desse to plassane behova innan opplæringssektoren er størst, seier fylkesrådmann Per Drageset. Han viser til at i Stryn er skulen spreidd på fire plassar i bygda, og at tilhøva på Sandane er svært dårlege for delar av undervisninga.
Ikkje pengar til operaprosjekt
Eitt prosjekt som fylkesrådmannen ikkje har sett av investeringsmidlar til i perioden fram til og med 2008 er samarbeidet mellom Eid vidaregåande skule og Opera Nordfjord.
– Dette samarbeidet er eit veldig godt og spanande prosjekt, og eg kan godt forstå om dei er lei seg i dag, seier Drageset. Han gir likevel von om at prosjektet kan bli realisert ved løyvingar til kultursektoren. Finansutvalet i fylket skal behandle investeringar i kultursektoren i morgon, og der har fylkesrådmannen sett prosjektet i Eid på topp. Men her finst førebels ikkje pengar, og Drageset set si lit til statlege løyvingar.
Utsett Campus-investering
Når det gjeld Fosshaugane Campus har fylkesrådmannen heller ikkje tilrådd investeringsmidar i den komande perioden, men fylkeskommunen blir med i prosjektet på driftssida.
- Eg tilrår at fylkeskommunen skal leige areal i den nye SIL-tribuna for idrett og media, og det vil frigjere areal som kjem yrkesfag i Sogndal til gode, seier Drageset.
Og etter 2008 reknar Drageset med at fylkeskommunen går inn og investerer i Fosshaugane Campus.
Ingen midlar til Florø
Eit femte prosjekt som ikkje har kome med på lista til fylkesrådmannen er Florø idrettssenter.