Hopp til innhold

Stryn med 20 mål på tre kampar

Stryn vann 6-0 over Ørsta i andre kvalifiseringsrunde i NM-cupen i fotball tysdag kveld.

Dermed har nordfjordingane sett inn heile 20 mål i dei tre ordinære kampane etter sesongstarten andre påskedag. - Offensiv samhandling er nøkkelen til effektiviteten, meiner trenar Dagmund Evebø.

- Vi er gode på ein del ting og kan vere vanskelege å demme opp for gjennom ein heil kamp, så det er hardt arbeid og trening som ligg bak for å få god samhandling.

Over ein omgang før måla kom

Trass i kalasisgeren tok det 52 minutt før den offensive samhandlinga gav teljande resultat på Stryn kunstgras. Men då Jon Terje Tjellaug skåra sitt første av to mål vart det varmt i nota bak Ørsta-målvkta.

Tre mål på Mats Solheim

Mats Solheim vist nok ein gang målteft og blei kreditert tre skåringar. Lagkaptein Per Ole Tenden brende straffe i første omgang, men gjorde det godt igjen med skåring fem minutt før slutt.

Etter å ha overkøyrt gjestane i to gonger 45 minutt er Dagmund Evebø nøgd med sluttresultatet, men mykje vil gjerne ha meir.

- Vi sleit med utteljinga i første omgang, og vi sleit og litt med utteljinga i andre omgang, men når vi skårar seks mål på ein omgang så er det veldig bra.

Berre tre baklengs

Stryn står altså bokført med 20 mål etter 4-1 i serieopninga mot Skavøypoll og 10-2 over Høyang og altså 6-0 over Ørsta i cupkvaliken. Med tre baklengs har også den bakre firaren gått seg til, seier ein nøgd Evebø.

- Vi sleit ein del i treningskampane fordi vi sakna Thomas Vik, som vart skadd i ein brann. No har vi omrokkert litt, vi har brukt Endre Lødemel som midtstoppar saman med Trond Leirgulen, og det har fungert vledig bra, så vi har stigning også på den delen av bana.