Hopp til innhold

Striden med Hurtigruten kan koste hamnene millionar

Ei rettssak mellom Bodø hamn og Hurtigruten kan koste hamnene her i fylket millionar. Det fryktar sjef for Flora hamn, Audun Bjørn Korneliussen.

Hurtigruta ved Florø

KREV MILLIONAR: Hurtigruten vil ha betalt tilbake 120 millionar kroner frå hamnene som dei meiner dei har betalt for mykje for å legge til kai

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Hurtigruten har nyleg stemna 21 hamner i landet for Forliksrådet, blant dei Flora Hamn. Reiarlaget meiner nemleg dei har måtta betale for mykje for å leggje til kai.

– Dersom Bodø hamn tapar så blir det sannsynlegvis rettssaker mot dei andre hamnene, seier Korneliussen som på nyåret kjem til å sjå spent mot nord.

Krev 120 millionar frå hamnene

Hurtigruten vil ha 2 millionar frå Flora hamn. Men totalt vil reiarlaget ha betalt tilbake 120 millionar frå 21 hamner i landet, skriv Dagens Næringsliv. Selskapet meiner dei har betalt for mykje i for å leggje til kai, men hamnene nektar for dette.

Skulle Hurtigruten vinne over Bodø hamn på nyåret, fryktar ikkje Korneliussen og Flora hamn berre ei eiga rettssak. Dei er og redde for at andre reiarlag vil følgje etter.

– Dersom det blir slik at den eine ikkje skal betale, så vil vel ikkje andre heller betale.

Og då kan konsekvensane bli verkeleg store, seier Korneliussen.

– Då vil vi tape store pengar noko som vil gå ut over drifta vår ved at vi ikkje får vedlikehalde kaiane våre, og til slutte vil ikkje båtane kunne legge til.

Følgjer utviklinga nøye

Også Nordfjord hamn er i konflikt med Hurtigruten – selskapet meiner hamna må betale tilbake 2 millionar. Men Nordfjord Hamn er ikkje del av stemningane som er sendt ut no, seier hamnedirektør Trond Garshol.

– Vi har tett oppfølging med hamnene som no er stemna

– Fryktar du at de kan blir dratt inn i ein rettsprosess seinare?

– Det kan godt hende men det er heilt grunnlaust etter vår meining.

Som kollegaen i Florø, er hamnedirektøren i Nordfjord uroa over konsekvensane av ein siger til Hurtigruten.

– Det vil få konsekvensar for kaier, farleier og framtidige investeringar, seier Garshol.