Striden i Høgre blussar opp att

Det er igjen strid i Høgre i Flora. No skuldar Jacob Nødseth partifellen Vidar Grønnevik for rolleblanding i eit kommunalt selskap.

Vidar Grønnevik, Jacob Nødseth og Jan Henrik Nygård

SIDE VED SIDE: Vidar Grønnevik, Jacob Nødseth og Jan Henrik Nygård på formannskapsmøtet Flora tysdag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Høgrerepresentanten Jacob Nødseth stiller spørsmål ved partifellen Vidar Grønnevik sine roller: Grønnevik sit som bystyrerepresentant for Høgre, og er samstundes styremedlem i det kommunalt eigde Flora Næringseigedom AS.

Det same styret hyra Grønnevik som konsulent for å lage ein strategisk plattform og ein opsjonsavtale for selskapet. Det fekk han 17 000 kroner for - i tillegg til dei 20 000 kronene han får i styregodtgjersle.

– Det er interessant at dette er vedteke i styret. Det er ei openberr habilitetskonflikt, som vi må ta på alvor. Kvifor skal vi som politikarar ha ei så høg godtgjersle når ein berre kan leige inn sitt eige firma til å gjere samme jobben, spør Nødseth.

Fekk 17 000 kroner i tillegg

Bente Frøyen Steindal

OGSÅ UROA: Bente Frøyen Steindal (Ap) seier det er viktig at ting er formelt rett.

Foto: NRK

Nødseth meiner det er problematisk at Grønnevik tek seg ekstra betalt for jobben med å utarbeide den strategiske plattformen.

– Dette er openbert noko vi må diskutere i Høgre, seier Nødseth.

Men Nødseth er ikkje åleine om si uro. Han går ut saman med sin tidlegare bitre fiende – eksordførar og no gruppeleiar for Arbeidarpartiet- Bente Frøyen Steindal.

– Det er viktig med openheit og at det er formelt rett. Elles kan vi ikkje vere med på det. Eg håper vi får ei avklaring på det i neste formannskapsmøte.

– Ikkje eit problem

Men uroa blir blankt avvist av Vidar Grønnevik.

Eg ser ikkje noko problem med dette. Det er heilt vanleg når ein blir beden om å gjere noko som går utover dei vanlege styreaktivitetane.

– Går det ut over den vanlege styreaktiviteten å utarbeide eit notat?

– Ja, når eg sit ein heil dag og jobbar med dette, går det utover som er vanleg styrearbeid.

– Blei dette arbeidet sett ut på anbod?

– Nei, det er jo små beløp det er snakk om. Det er ikkje vanleg å setje slike beløp på anbod, seier Grønnevik.

Får støtte

Han får støtte av styreleiaren i selskapet, varaordførar Jan Henrik Nygård frå Venstre.

– Som styremedlem har vi visse oppdrag vi skal gjere. Men vi meiner dette ligg utanfor ei normal styreoppgåve. Vi kan ikkje krevje at styremedlemmer skal utarbeide opsjonsavtalar eller strategiske næringsplattformer. Det er snakk om 17 000 kroner for dei to rapportane.

Meiner Nødset lagar snubletrådar

Vidar Grønnevik meiner skuldingane mot han kjem fordi han var med på å vrake Jacob Nødseth frå Høgre si stortingsliste.

– Eg forstår at Jacob Nødseth tykkjer eg har stått i vegen for han og han prøver å lage snubletrådar for meg. Det har eg sett i mange saker.

– Men også Frøyen Steindal stiller spørsmål ved rollene omkring dette. Kva tenkjer du om det?

– Vi har registrert at det er ypparleg samarbeid mellom ho og Nødseth. Eg set pris på samarbeid i politikken, men det må skje på reinhårige premissar.

– Rett skal vere rett

På spørsmål om dette er ein vendetta, svarar Jacob Nødseth slik.

– Vidar Grønnevik har flagga eit syn på min moral offentleg. Eg tykkjer det er viktig at vi i formannskapet gjer ting rett og at dei prosessane vi har går rett for seg. Eg meiner det ikkje er tilfelle her. Rett skal vere rett, uansett parti.

– Men har du eit personleg motiv for å gå ut med dette?

– Motivet mitt er at det er viktig med ein viss moralsk standard. Kravet til moralsk standard blir ikkje lågare når ein sjølv tek på seg oppgåva som moralens voktar offentleg.

Pregar politikken i Flora

Denne usemja internt i Høgre, pregar no dei andre partia, stadfestar varaordførar Nygård.

– Når vi ser på samarbeidet mellom Høgre og Venstre, er også det prega at dei brukar masse krefter på strid. Skal vi bruke masse krefter på interne konfliktar, får vi mindre til andre saker. Eg håper vi kan få løyst dei på ein god måte på alle måtar.

Flora Næringseigedom hadde i 2011 ti styremøter, kvar på to til tre timar, i tillegg til nokre uformelle møter med bedrifter. Dette fekk dei 20 000 kroner for i styregodtgjersle. Styreleiar fekk 30 000.