Hopp til innhold

Nødseth vil ikkje inn på lista

Jacob Nødseth frå Høgre tek eit knallhardt oppgjer med nominasjonsprosessen i partiet. – Den har vore på grensa til parodisk og ikkje ein rettsstat verdig.

Jacob Nødseth

SKAL HA TREKT SEG: Jacob Nødseth vil ikkje inn på stortingslista i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sogn og Fjordane Høgre har i dag halde nominasjonsmøte for å avgjere kven som skal stå på den endelege stortingslista deira.

Det har vore mykje bråk kring nominasjonsprosessen i partiet. I forkant ønskte Florø Høgre Jacob Nødseth som toppkandidat, men nominasjonsnemnda i fylket hadde han ikkje ein gong inne på si liste.

Dei ville ha Bjørn Lødemel på topp og Bjørn Hollevik frå Florø som nummer to.

Hilmar Eliasson

HAR IKKJE TILLIT: Hilmar Eliasson i Flora Høgre seier han vil stemme blankt eller på ein annan kandidat enn Bjørn Hollevik.

Foto: Bård Siem / NRK

Hilmar Eliasson i Flora Høgre fortalde til NRK.no før avrøystinga at Jacob Nødseth har trekt seg i protest som kandidat til lista.

– Difor kjem eg til å stemme blankt eller på ein annan kandidat, eg har ikkje tillit til Bjørn Hollevik, seier Eliasson til NRK sin reporter på staden.

Han las også opp eit brev frå Jacob Nødseth. Der skriv han at nominasjonsprosessen i Høgre ikkje er i samsvar med Høgre sine grunnprinsipp. Han meiner prosessen ikkje er ein rettsstat verdig.

Dette står i brevet frå Jacob Nødseth:

«Nominasjonsprosessen i Sogn og Fjordane Høgre har vært på grensen til parodisk, vurdert mot Høgre sine grunnverdier og demokratiske spilleregler. Jeg håper at Sogn og Fjordane Høgre ved kommende nominasjon, velger å legge vekt på politiske egenskaper, kvalitet og engasjement, framfor å la seg styre av usannheter og usaklegheter som enkeltkandidater har drevet frem. Ved en slik prosesssuryddighet har disse vunnet fram i en nominasjon som de samme ikke hadde vunnet frem i, om nominasjonen handlet om innsats, resultat og politisk teft: Kort sagt det som er viktig når en skal ha verv i landets nasjonalforsamling. Prosessen og holdningene som flere har lagt til grunn, er ikke foreneleg med Høgre sine grunnprinsipp og med den rettstaten som vi tufter vårt virke som demokratiutøvere på.»

Fylkesleiar: – Dette er til det beste

Fylkesleiar Arve Mjømen i Sogn og Fjordane Høgre seier han er glad for at Nødseth ikkje vil inn på stortingsvallista.

– Eg meiner det er det beste for alle partar. Som eg har sagt før, meiner eg at han ikkje er moden nok til å sitje på Stortinget no. Han kan bli det i framtida og eg trur han kan bli ein dyktig politikar for Sogn og Fjordane.

– Tek du sjølvkritikk på prosessen som har vore i partiet i haust?

– I ettertid er det vel alltid slik at ei kunne gjort ting annleis, men det er ikkje noko konkret eg vil ta sjølvkritikk for, seier han.

– Vil ikkje vere ein del av uryddige prosessar

Jacob Nødseth stadfestar overfor NRK.no at han ikkje stiller som kandidat.

– Eg har gitt beskjed om at eg ikkje stiller slik prosessane har vore no. Dei har vore uryddige og dette er ikkje noko eg vil vere ein del av, seier Nødseth til NRK.no.

– Kva er din kommentar til at Mjømen meiner du ikkje er moden nok?

– Måten Mjømen opptrer og kommenterer på, er ein av grunnane til eg ikkje ønskjer å stille på lista. Utover det ønskjer eg ikkje å kommentere det Mjømen seier, seier Nødseth.

Grønnevik orsaka

Også Berit Seljeseth Osa frå Flora Høgre har gitt beskjed om at ho ikkje er kandidat. Det blei lest opp eit brev frå ho også. Der står det at det som har skjedd i partiet, har vore uryddig og uheldig.

I løpet av møtet i dag, gjekk Vidar Grønnevik frå Flora Høgre på talarstolen. Han sa seg lei for alt bråket i Flora og orsaka dersom dette har skadd Sogn og Fjordane Høgre.

Bjørn og Bjørn på topp

SISTE: Bjørn Lødemel frå Hornindal og Bjørn Hollevik frå Flora har sikra seg dei to topplassane på stortingslista for Høgre.

Delegatane på møtet har no sagt sitt og har gitt Bjørn Lødemel frå Hornindal 44 av 45 røyster.

Andreplassen gjekk til Bjørn Hollevik frå Flora Høgre. Han fekk 31 røyster, medan Ole Gunnar Krakhellen frå Solund fekk 13 røyster. Ein delegat røysta blankt.

Grethe Kristin Lerum frå Sogndal fekk 3. plassen ved samrøystes val. Embla Belsvik frå Florø fekk 4. plassen, også ho ved samrøystes val.