Hopp til innhold

Har aldri opplevd så mykje støy

Fylkesleiar i Høgre Arve Mjømen har aldri tidlegare opplevd så mykje støy rundt stortingsnominasjonen i partiet.

Arve Mjømen og Jacob Nødseth

UVANLEG MYKJE URO: Arve Mjømen seier han aldri tidlegare har opplevd så mykje bråk rundt nominasjonen. Årsaka er ifølgje Mjømen knytt til kor vidt Jacob Nødseth skal ha plass på lista eller ikkje.

Foto: Montasje: Høgre/Oddleif Løset/NRK

Tysdag varsla Mjømen at han trekkjer seg som kandidat til partiet si stortingsliste etter fleire veker med uro rundt rolla til partifelle Jacob Nødseth i Flora.

Fylkesleiaren opplever at han har fått kritikk av fleire i partiet for å kjempe om den same plassen på lista som Nødseth. Han seier han ikkje ønskjer å stå i vegen for andre, og at han difor har trekt seg.

– Vi er midt inne i ein nominasjonskamp der nokon meiner at eg er blant dei som om mogleg har kjempa mot Nødseth. Noko eg ikkje har gjort i den forstand, seier han.

– Mange vil ha andreplassen

Finn Ove Njøsen

SPARKA: Etter at han uttrykte støtte til Jacob Nødseth vart Finn Ove Njøsen kasta ut av nominasjonsnemnda.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Finn Ove Njøsen frå Førde Høgre vart sist veke sparka ut av nominasjonsnemnda i partiet. Dette skjedde etter at han hadde uttrykt støtte til Jacob Nødseth. Njøsen meiner Nødseth har blitt dårleg behandla i partiet.

Måndag sa Njøsen til NRK at han meiner det har blitt stygge metodar for å kvitte seg med Nødseth, og at dei som står bak dette er dei same som prøvar å kome seg høgast mogleg opp på stortingslista.

– Eg trur det rett og slett er mange som vil ha den andreplassen på lista. Det er ein varaplass til stortinget og du får meir påverknad, sa Njøsen.

Mykje uro rundt Nødseth

Nødseth er i dag vara for Bjørn Lødemel på Stortinget. Den siste tida har det vore mykje uro kring Flora-politikaren. Det starta med ei personalkonflikt med leiaren i Unge Høgre, Embla Belsvik, men etter kvart har det blitt stadig meir tilspissa.

Nødseth vart for kort tid sidan sparka frå jobben som politisk rådgjevar for Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen. Fylkesleiar Arve Mjømen har også sagt at Nødseth manglar litt på dømmekrafta og ikkje bør nominerast til stortingsplass for partiet.

På ein pressekonferanse nyleg signaliserte Nødseth mistillit mot enkelte partifellar. Dette førte til at generalsekretæren i Høgre, Lars Arne Ryssdal, gav 24-åringen frå Florø eit ultimatum.

Enten måtte han erklære at han har tillit til partifellene, eller så måtte han forlate partiet. Etter eit oppvaskmøte valde Nødseth å orsaka kritikken han retta mot partifellene i Høgre.

Svært kritisk til handteringa

Eva Marie Halvorsen

KRITISK: Eva Marie Halvorsen i Førde Høgre er svært kritisk til handteringa i partiet.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Eva Marie Halvorsen, tidlegare fylkesnestleiar i Høgre, er også svært kritisk det som skjer i partiet no. Til avisa Firda seier Halvorsen at det som skjer i partiet er politikk på sitt verste.

– Å kaste folk ut av nemnder og kneble usemje på den måten vi no er vitne til i fylkespartiet, minner om det valet vi har vore vitne til i Kviterussland, seier Halvorsen til Firda.

Ho reagerer sterkt på at Nødseth sin støttespelar Finn Ove Njøsen vart kasta ut av nominasjonsnemnda. Grunngjevinga om at han ikkje var nøytral nok meiner ho er motbydeleg.

Vil ikkje stå i vegen for andre på lista

Mjømen har no altså valt å trekkje seg som kandidat til stortingslista i Høgre. Han seier han aldri har hatt ambisjonar om å få andreplassen på lista.

– Eg har aldri hatt nokon ambisjon om noko andreplass. Det er det at ein kan delta på liste. Det som har vore tanken er at dei kunne bruke namnet mitt til positiv fordel for partiet, seier Mjømen til NRK.no.

– Er det presset og kritikken som gjer at du trekkjer deg?

– Eg opplever ikkje press.

– Men når nokon meiner at vi som står som aktuelle kandidatar til ei liste, at det då blir hevda at her skal det gjerne ikkje vere noko kamp, og at ein blir inhabil i dette. Då føler eg at ikkje skal stå i vegen for ein slik diskusjon eller stå i vegen for andre på lista.

Ikkje nøgd med all uroa

Kritikken frå Eva Marie Halvorsen tek han ikkje så tungt, og viser til at ho ikkje har posisjonar i partiet.

– Det er høgt under taket i Høgre og det skal det vere.

Han vedgår at nominasjonsprosessen i år har vore spesiell. Mjømen har tidlegare sagt at Nødseth manglar litt på dømmekrafta og meiner han ikkje bør nominerast til stortingsplass. Mjømen seier han har blitt kontakta av fleire lokallag som ikkje vil ha Nødseth så høgt på lista.

– Kva skuldast bråket rundt nominasjonen?

– Det har naturlegvis med at det har vore mykje kamp om Nødseth si plassering på lista eller ikkje, seier Mjømen.

– Kor flink har du vore å skape ro omkring det?

– Vi har prøvd å skape ro, men har ikkje nådd fram med det sjølvsagt. Men eg trur at når nominasjonen er klar så vil det vere ro i partiet.

– Kor nøgd er du med jobben du har gjort kring desse kranglane?

– Eg blir aldri nøgd når ein ikkje får ro i tide.