Hopp til innhold

Meiner ordføraren held informasjon hemmeleg for bystyret

Bente Frøyen Steindal (Ap) skuldar Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen for å halda informasjon omkring tilsetjinga av Jacob Nødseth hemmeleg for resten av det politiske miljøet.

Bengt Solheim-Olsen og Bente Frøyen Steindal

SKULDA FOR HEMMELEGHALD: Bente Frøyen Steindal (t.h.) meiner ordførar Bengt Solheim-Olsen har halde ting hemmeleg for dei andre politikarane.

Foto: Fotomontasje / NRK

No krev gruppeleiaren i Flora Arbeiderparti, Bente Frøyen Steindal, at avtalane i samband med tilsetjinga av den politiske rådgjevareni Flora vert lagt fram for administrasjonsutvalet.

Ho seier at det i ettertid har blitt kjent gjennom media at den politiske rådgivaren er sagt opp.

– Det er uakseptabelt at media (Firdaposten red. anm) får kjennskap til ein avtale som blir halden hemmeleg for det politisk miljøet, skriv Bente Frøyen Steindal i ein e-post til ordføraren.

Nødseth vart tilsett i rådgjevarstillinga med ein stillingsprosent på 35. I september i år vart han sparka – utan å ha fått noko grunngjeving for det.

Firda har snakka med Solheim Olsen, men han vil ikkje kommentera saka.