NRK Meny
Normal

Streiken råkar nordsjøflygingar

Streiken råkar GDF Suez sin helikoptertransport frå Florø til Nordsjøen.

CHC helikopterservice

KAN BLI RÅKA: CHC Helikopter Service flyr til og frå Nordsjøen frå Florø. (arkivfoto)

Foto: NRK

Alle kabintilsette i Widerøe er i streik, etter at Parat/Widerøes Kabinforening og NHO Luftfart/Widerøe ikkje vart samde i meklinga natt til onsdag.

Også helikoptertransporten frå Florø til Nordsjøen blir råka av streiken. Widerøe er det einaste selskapet som flyr til og frå Florø lufthamn, men utan passasjerar har ikkje helikoptera nokon å frakta ut til oljeplattformene.

Siv Merete Stadheim

LUFTHAMNSJEF: Siv Merete Stadheim, lufthamnsjef i Florø.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Noko av den trafikken som er planlagd i dag er flytta slik at den går ut og inn frå Bergen. Men ein vurderer situasjonen fortløpande i samråd med oljeselskapa om kva ein skal gjera, seier Siv Merete Stadheim, lufthamnsjef ved Florø lufthamn.

312 kabintilsette i Widerøe har gått ut i streik frå onsdag av. Kring 400 avgangar og 11.000 passasjerar blir råka av streiken.

I Florø er det stasjonert to helikopter som fraktar oljearbeidarar ut til Nordsjøen.

– Flyprogrammet går som normalt slik eg ser det no, seier Øivind Solberg i CHC Helikopter Service, som er selskapet som flyr frå Florø.

Men han har ikkje oversikt over kor mange passasjerar som er med på flygingane.

– Om helikopter er tomme, det veit eg ikkje. Dei går, men det er jo berre eit spørsmål om tid før oljeselskapa legg alternative planar om streiken varar, utan at eg veit kva planar dei har, seier Solberg.

– Akkurat no er det eit helikopter som er planlagde å gå tilbake til Florø, so det er ingenting som er heilt spikra fast. Det er oljeselskapa som handterer kvar dei sender arbeidarane sine frå, seier Stadheim.

Flyg mannskapet frå Bergen

Hos Statoil i Florø får NRK opplyst at deira helikopterturar går som normalt frå Florø, men at deira tilsette vert oppmoda om å vurdere alternativ reiserute.

Hos GDF Suez seier kommunikasjonsdirektør Ulf Rosenberg at dei er råka av streiken og har omdirigert helikopteret som fraktar folk til og frå Gjøa-plattforma utanfor Florø.

– Vi flyg til vanleg helikopteret til og frå Gjøa-plattforma frå Florø. Men når folk ikkje kjem seg til og frå Florø med fly, er det ingen passasjerar å fly ut til plattformane for, seier han.

Difor blir mannskapet no floge til og frå Gjøa frå flyplassen i Bergen.

– Det er sjølvsagt ei ulempe for folk som ikkje får flyge frå den vanlege staden, det har med logistikken og opplegget å gjere. Men så langt ser det ut til at Gjøa-plattforma blir halden i gang og får komme ut på jobb, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.