Hopp til innhold

Høyrde to eksplosjonar frå trafo-stasjon då straumen forsvann

Heile Førde og Florø vart ved midnatt fullstendig utan straum. I 02-tida fekk Florø straumen attende, og i 03-tida fekk også Førde straum.

Brann i trafostasjon på Tefre i Førde

BRANN: Brann i denne trafostasjonen på Tefre gjer at Førde natt til tysdag er totalt mørklagt.

Foto: Steinar Lote / NRK

Årsaka til problema er brann i ein trafostasjon på Tefre i Førde.

– Klokka 03.05 fekk vi kopla innatt straumen også i Førde. Men det er meldt tôrevêr og nettet er sårbar. Vi kan derfor ikkje garantere at det ikkje vil oppstå fleire problem, opplyser nettsjef Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi til NRK.no natt til tysdag.

Over 20.000 var utan straum

Det var klokka 23.50 måndag kveld at det small i ein stor trafostasjon på Tefre I Førde. Dermed vart over 20.000 menneske i dei to største byane i fylket igjen utan straum. Byane var også straumlaus i mange timar for nøyaktig eitt døgn sidan - som så mange andre stader i Sogn og Fjordane.

– Vi fekk raskt kontroll på brannen i trafoen. Situasjonen skuldast at ein overspenningsleiar er øydelagt, fortel Midtbø.

Vitne høyrde to eksplosjonar

Ifølgje vitne skal det ha vore to eksplosjonar ved trafostasjonen idet straumen gjekk.

– Det er høge spenningar i ein slik trafostasjon. Når slikt skjer, vil det komme høge smell og ein vil kunne sjå blårøyk, forklarer Midtbø.

Framles er om lag 14.000 menneske i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal utan straum som følgje av uvêret.