Hopp til innhold

Støyva: – Eg synest det er trist

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva synest det er trist at fylkesnestleiar Sonja Edvardsen gir seg i fylkespolitikken i protest mot partiet si handsaming av E39-saka. Han vil likevel ikkje skildre hendinga som dramatisk.

Nils P. Støyva

TRIST: Fylkesleiar i Ap, Nils P. Støyva hadde gjerne sett at Edvardsen ikkje trekte seg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg synest det er leitt at ho trekkjer seg. Sonja Edvardsen har hatt eit godt samarbeid, og eg forstår ikkje kvifor ho trekkjer seg med bakgrunn i denne saka, seier Støyva til NRK.no.

Fredag ettermiddag vart det klart at den den tidlegare ordføraren har fått nok av det ho meiner er brote valløfte frå Sogn og Fjordane Ap. Ho gav då beskjed om at ho trekkjer seg som fylkesnestleiar. Edvardsen vil halde fram i nestleiarvervet fram til fylkesårsmøtet i mars, men vil då ikkje stille til attval.

Edvardsen: – Gjekk på truverde laust

Det er den betente striden om kor E39 skal gå gjennom Nordfjord i framtida som har fått begeret til å flyte over for Eid-politikaren. I valkampen og etterpå lovde Ap å støtte alternativet over Anda-Lote, men dei siste vekene har partiet snudd. Ti av elleve fylkestingsrepresentantar vil på måndag stemme for alternativet med E39 via Stryn.

– Eg har vurdert fram og tilbake etter behandlinga av E39-saka, og eg har kome til at eg ikkje kan vere ein del av ein organisasjone som så klart bryt med lovnadene vi har gått til val på når det gjeld E39, seier Edvardsen til NRK.no.

– Kvifor er dette så alvorleg?

– Det går på min legitimitet og mitt ansvar som politikar, seier ho.

Støyva: – Forstår ikkje kvifor

Fylkesleiaren i Ap forstår ikkje kvifor Edvardsen har valt å gå så langt som ho no har.

– Vi har hatt ei høyring blant kommunelaga, og eit fleirtal støttar indre linje. Det same gjeld for fleirtalet i styret og i fylkestingsgruppa. Sonja Edvardsen har hatt høve til å kome med innspel, og vi har hatt ein demokratisk prosess i saka, seier Støyva.

Støyva ser han berre må registrere at ho trekk seg og vil utover at han synest det er trist ikkje kommentere saka ytterlegare.

– Kva tenkjer du om at Edvardsen skuldar partiet for løftebrot i E39-saka?

– I valkampen tok vi klare atterhald. Vi sa vi skulle vurdere saka grundig i partiet når Vegvesenet si konseptvalutgreiing var klar. Den har vi no fått og vi har hatt ei høyring i partiet, seier Støyva

Edvardsen på si side meiner det ikkje har kome til nye moment i denne konseptvalutgreiinga frå Vegvesenet, medan Støyva meiner det har kome til mykje nytt.

– Ikkje dramatisk

– At folk melder seg ut av fylkesstyret, eller går ut av kommunestyret, er noko vi for så vidt er vande med. Så eg synest ikkje dette er veldig dramatisk, seier Støyva.

Samtidig legg han til at han meiner det er leitt, og at han hadde ønskt at ho ville halde fram.

– Burde Sonja Edvardsen tole å tape ei sak?

– Det er slik politikken er. Det er å gje og ta. Eg har sjølv tapt mange saker, men slik er det politiske livet. Ein gong vinn ein og ein gong taper ein.