Hopp til innhold

- Ap opptrer etisk forkasteleg

– Snuoperasjonen som Arbeidarpartiet har gjennomført i stamvegsaka er etisk forkasteleg, seier professor Frank Aarebrot.

Frank Aarebrot valg 2011

ETISK FORKASTELEG: Professor Frank Aarebrot kritiserer Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Foto: NRK

I valkampen lova Arbeidarpartiet å gå inn for den midtre stamvegløysinga om Anda-Lote, men partiet har snudd og har røysta for den indre lina. Veljarane har grunn til å kjenne seg førde bak lyset, seier Aarebrot.

– Dersom vi ser på det moralske i ei slik sak når eit parti går frå ein lovnad så har veljarane grunn til å bli forbanna.

(Artikkelen held fram under biletet).

Åshild Kjelsnes

SNUOPERASJON: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) forsvarar snuoperasjonen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Stod på midtre line i valkampen

Under valkampen i fjor var Arbeidarpartiet i fylket klar på at stamvegen gjennom Nordfjord må følgje dagens midtre trasè via Anda-Lote. Dåverande fylkesordførarkandidat for Arbeidarpartiet, Åshild Kjelsnes, sa mellom anna dette under partiutspørjinga:

– Trasévalet ligg fast.

– Og det er Anda-Lote, altså midtre line?

– Det er der E39 går i dag.

Om utsegnene til Frank Aarebrot seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes dette i dag:

– Frank Aarebrot er kjend for friske utspel, når det gjeld påstanden om at vi opptrer etisk forkasteleg så må eg berre registrere det. Vi har hatt ein prosess i Arbeidarpartiet etter at utgreiinga til vegvesenet kom, og den har landa på at vi er blitt samde om indre line.

– Men i valkampen sa du at Arbeidarpartiet stod fast på midtre line, og har ikkje veljarane då grunn til å kjenne seg førde bak lyset?

– I valkampen sa eg fleire gonger at pr. no står vi på midtre line, men eg sa og gjentatte gonger at vi måtte sjå kva som kom når utgreiinga vart kjend, det vart eg og kritisert for.

Artikkelen held fram under biletet).

Sonja Edvardsen

SKUFFA: Tidlegare ordførar i Eid, Sonja Edvardsen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Veldig skuffa og overraska

Nestleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti og tidlegare ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, er ikkje nådig i kritikken.

– Eg er veldig skuffa og overraska over at dei snur i ei sak der vi har vore så tydelege i Arbeidarpartiet. I denne saka meiner eg vi har svikta i forhold til kor tydelege vi var under valkampen og i etterkant av at Statens vegvesen kom med si tilråding.

Professor Frank Aarebrot levnar Arbeidarpartiet lite ære i saka, sjølv om slikt skjer i politikken innimellom. Han meiner det går ut over truverdet til partiet.

– Det gjer det iallfall ikkje lettare å gjenreise Arbeidarpartiet i Eid kommune, men dei får kanskje auka oppslutnad i Stryn og Flora.