- Den type måtar å arbeide på, og den type måte å uttale seg på, er med på å svekkje omdømet til Helse Førde, seier Reidar Sandal, som representerer Sogn og Fjordane Arbeidarparti.
Stadig på kant med folket
I ei tid med store omveltingar i helsevesenet ser stortingspolitikarane at leiinga i Helse Førde stadig kjem på kant med folket i fylket. Sogn og Fjordane-benken på Stortinget vil ikkje ha uvisse og unødvendig uro rundt eitt av våre viktigaste velferdstiltak. Eksempla til Reidar Sandal er mange:
Adm. direktør Jon Bolstad i Helse Førde tilsette to tildegare kollegaer i leiinga utan å lyse ut stillingane.
- Vi har sett unødvendige og usaklege provokasjonar i Lærdal i samband med eit stort folkemøte. Der vart det frå styret sagt at det ikkje er behov for konsekvensutgreiingar av store driftsomleggingar ved sjukehus, seier Sandal.
Han seier også at det frå styremedlem si side er uttalt ei klart kritisk haldning til at møta i styret i Helse Førde skulle vere opne, og det er gjort fleire forsøk frå Helse Førde si side på å ta seg til rette i strid med pålegg frå helseministeren. Dessutan tykkjer Sandal at det er klart kritikkverdig at administrerande direktør har gjort tilsetjingar utan å lyse ut stillingane.
Statsråd Ansgar Gabrielsen fekk høyre om Helse Førde-leiinga. (Foto: Erlend Aas, Scanpix)
Sa frå til helseministeren
Fylkets fremste folkevalde er så bekymra at dei saman tok det opp med helseminister Ansgar Gabrielsen torsdag. Ein slik bodskap frå ein samla stortingsbenk er høgst uvanleg - og har garantert blitt lagt merke til.
- Eg kjenner ikkje noko anna døme på det enn det vi har gjort. Men når vi gjer det er det ut frå det vi har sett og høyrt, og ut frå eit oppriktig engasjement om at helsestellet også i vårt fylke skal ha eit best mogleg omdøme og ein best mogleg legitimitet, seier Sandal. Han seier dei tek opp saka i håp om at situasjonen skal betre seg.