16 politidistrikt har vore involvert i etterforskinga av saka. Saka vart rulla opp då politiet i Sogn og Fjordane gjorde store beslag av anabole steroidar og narkotika i januar i fjor.
Etter det NRK kjenner til skal saka ha starta då
vart pågripne og sikta for dop- og narkotikabrotsverk i januar i fjor. Politiet gjorde då beslag av store mengder anabole steroidar, ecstasy, amfetamin og andre narkotiske stoff.NRK fekk kjennskap til at dei som då var sikta i saka hadde base i Sunnfjord og at selde store mengder anabole steroidar langt
No viser det seg at saka også har hatt forgreiningar til 16 andre politidistrikt. Fleire av dei som då var sikta i saka har fått sakene sine opp for retten og har sona straffa si.
Selde dop i soningskø
24-åringen politiet reknar med er hovudmannen, vart dømd til eitt år og tre månaders fengsel for narkotika og vinningsbrotsverk alt i 2005. Då han sleppte ut på prøve,
.Politiet vil på ein pressekonferanse onsdag gje fleire detaljar om omfanget og kor mange andre som er sikta i den landsomfattande dop-saka.
Overvaka epost og telefon
Advokaten til ein av dei tiltalte i saka seier til NRK at forsvararane har fått innsyn i ei betydeleg mengde kommunikasjonskontroll som er gjort i saka. Mellom anna skal politiet ha overvaka all kommunikasjon som han som er rekna som hovudmann i saka har gjort. Det betyr at politiet har overvaka all epost, sms og telefon til mannen.
Strafferamma i denne typen saker er på inntil seks år fengsel.