Hopp til innhold

Sju pågripne i stor dop-sak

Kan ha distribuert anabole steroider til heile landet frå Førde.

Kjell Fonn
Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Vi har pågripe sju personar i løpet av helga. Av dei vil fire bli framstilte med krav om varetekt i dag, seier lensmann Kjell Fonn i Førde.

 

Etter det NRK kjenner til skal det ha vorte gjort beslag i store mengder anabole steroider. Beslaget er kanskje det største av sitt slag i Sogn og Fjordane nokosinne. Kjelder fortel også til NRK at kjøparane nødvendigvis ikkje var i Sunnfjordsområdet, men at det er snakk om slike mengder at dei har distribuert til heile landet.

LES OGSÅ: Distribuerte dop til heile landet

Det er også gjort beslag i ecstacy og amfetamin, men politiet er svært tilbakehaldne med detaljar i saka.

- Kva som er beslaglagt og kor mykje vil eg ikkje kommentere, seier Fonn.

LES OGSÅ: Vil sidestille dop og narkotika

Aksjonen politiet sette i gang i helga kom etter lang tids etterforsking. Alle dei sikta skal ha tilknyting til narkotikamiljøet i Sunnfjord. Dei fleste av dei skal vere i 20-åra.

- Vi kan ikkje utelukke at fleire blir pågripne, seier Fonn.

LES OGSÅ: - Steroidar er russisk rulett