Hopp til innhold

Selde dop i soningskø

Hovudmannen og to andre mistenkte i stor dopingsak i Sunnfjord sat i soningskø medan dei selde anabole steroider i stor stil.

Dop piller anabole steroider
Foto: Dopbeslag. Illustrasjon / NRK

Politiet følgde med heile tida

Distribuerte dop til heile landet

Sju pågripne i stor dop-sak

Dop-sikta sette fri

24-åringen politiet reknar med er hovudmannen i det som går for å vere den største dopingsaka i Sogn og Fjordane nokon sinne, vart dømd til eitt år og tre månaders fengsel for narkotika og vinningsbrotsverk alt i 2005.

Hadde nettverk

Det var då vart prøvelauslaten etter denne dommen, i august 2006, at han tok oppsamarbeidet med to andre sunnfjordingar. Han bidrog med kontaktnettet sitt i Bergen – dei bidrog med til saman 75.000 kroner til å kjøpe hasj for. Dei tre vart etter kvart tekne av politiet. Hovudmannen vart dømd til eitt år og ni månader fengsel, dei to andre slapp unna med seks månader mindre.

Straffeutmålinga av denne saka er no anka, og vil koma opp i Gulating Lagmannsrett 31. mars i år.

Forsynte doping-miljø

Men i følgje politiet brukte dei tre tida etter dommen til meir enn berre å anke. No er dei tre, pluss seks andre, mistenkte for narkotikabrotsverk etter at politiet fann kokain, amfetamin og anabole steroider heime hjå dei ni, som er busette i Førde og Bergen. Politiet mistenker dei no for å ha forsynt dopingmiljø over heile landet med anabole steroider.

Fire personar sit no i varetekt etter politiaksjonane.