Arbeidarpartipolitikar i Vågsøy, Vigdis Vetvik, meiner dette er eit skuffande signal til lokalmiljøet som slit med omstilling. Med tap av mange arbeidsplassar, er dette eit svært uheldig tidspunkt, meiner ho.
- Kan ikkje koplast
Styreleiar i Domstein ASA, Olav Hørsdal, meiner ein ikkje kan kople dette saman. - Vi må operere slik at vi kan bli eit godt selskap for framtida, for dei tilsette og aksjonærane, seier han. Den 20. juli blir det ekstraordinær generalforsamling i Domstein, der føremålet er å betale ut nær sytti millionar i aksjeutbyte til aksjonærane. Med andre ord går ein del av fortenesta etter salet av Fjord Seafood til aksjonærar utanfor distriktet. Styreleiaren meiner dette er heilt på sin plass. - Vi fekk ein akseptabel pris for aksjane, og fekk nedbetalt mykje gjeld. Og vi har ein strategi om å gi utbyte til aksjonærane, seier han.
- Burde gått til nyetableringar
Vigdis Vetvik sit for Arbeidarpartiet i Vågsøy kommunestyre, og har fått merke dårlege tider på kommunebudsjettet. Ho vart overraska då ho fekk vite at Domstein vel å betale ut sytti millionar kroner til aksjonærane. Sjølv såg ho helst at utbytet hadde blitt verande lokalt i Domstein, og at dei hadde tenkt på nyetableringar og nye arbeidsplassar.
Men ifølgje styreleiaren ville det ikkje passe med Domstein sine framtidsplanar å bruke dei nær sytti millionane til investering i staden for gevinst til aksjonærane. Vetvik er lei for at det ikkje lenger er den same tankegangen i samfunnet.