Hopp til innhold

Større aktivitet i 2018 i Leirvik

Havyard Ship Technology skal byggje ein trålar for eit fransk reiarlag.

Havyard pelagisk trålar

SKAL SJÅ SLIK UT: Trålaren som Havyard Ship Technology skal bygge for eit fransk reiarlag.

Foto: Havyard Ship Technology

Trålaren på 80 meters lengde skal leverast til France Pèlagique i desember 2018. Skroget skal byggjast i Polen, medan utrustinga skal skje ved verftet i Leirvik. Salsdirektør Lars Conradi Andersen i Havyard Ship Technology seier dette oppdraget er viktig for selskapet.

– Det betyr mykje. Vi har jobba målretta og hardt for å ta steg inn i det som går på fiskeri, så denne kontrakten er veldig viktig og gledeleg for oss. Vi håpar den blir døropnar for nye oppdrag.

Bygginga av den franske trålaren fører og til aktivitet i Fosnavåg innan engineering og design.

– Mykje betre aktivitet i 2018

Havyard skal og byggje ei ferje for Fjord1 med levering i 2018, så alt tyder på at neste år blir eit langt betre år enn inneverande år.

– Aktiviteten blir iallfall mykje betre i 2018. Men kontrakten er vunnen i tøff konkurranse. Det er viktig å sikre at vi har kontinuerleg tilflyt av oppdrag ved verftet. Vi har hatt fokus på å halde på kompetanse og byggje opp ny kompetanse. Så får vi bruke litt lengre tid på å tene dei store pengane.

Havyard Ship Technology har opsjon på bygging av endå ein trålar for France Pèlagique. Conradi Andersen seier at det no er opp til dei sjølve å sikre at også det oppdraget hamnar hjå dei.

– Viser vi dei at vi kan levere gode tenester framover i dette byggjeprosjektet så er vi overtydde om at det skal vere gode sjansar for å få stadfesta den opsjonen.