- Det finst for få lærarar med kompetanse i andre språkfag enn engelsk og tysk i ungdomsskulen. Om to år blir det obligatorisk med fleire framandspråk enn engelsk, og då får skulane eit problem med å finne lærarar som er kvalifiserte, meiner leiar i Sogn og Fjordane lektorlag Svein M. Sirnes.
- Vil velje spansk
- Eg trur skulane vil ha vanskar med å tilby dei faga elevane ønskjer. Om du spør elevar på ungdomstrinnet kva språk dei vil lese utanom engelsk, trur eg dei fleste vil svare spansk, fordi Spania og spansktalande land er ferieland framfor nokon, seier leiaren i lektorlaget.
- Men problemet er at det er veldig få spansklærarar. Så der vil nok styresmaktene stå overfor eit enormt rekrutteringsproblem.
Meir utsett
Han vonar at det ikkje kjem for mange ufaglærte inn i språkundervisninga. Men han fryktar at lærarar som har lese ein lommeparlør og feriert på ein spansk feriestad tek på seg språkundervisning.
Sirnes seier Sogn og Fjordane er meir utsett enn andre fylke fordi det her ikkje er eit større bysentrum, og at rekruttering av slik kompetanse dermed er vanskelegare.