Store skadar etter ulukke mellom lastebil og bil

Ein lastebil og ein bil med fire personar har kollidert på E39 ved Reed i Gloppen.

Laster kart, vennligst vent...

REED: Ulukka har skjedd ved Reed i Gloppen.

– Ein lastebil har køyrt i ein bil. Det er store materielle skadar etter ulukka, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen.

Ifølgje politiet var personbilen på veg ut av ein sideveg då lastebilen køyrde i ein bil bakfrå.

Det var fire personar i personbilen. Naudetatane er på staden og helsepersonell tek seg av dei involverte.

– Det ser ut til at alle personane er uskadde. Alle i personbilen er turistar, seier Magnussen.

Det var redusert framkomst på E39 ei stund etter ulukka, men vegen er no open for trafikk.