Hopp til innhold

– Folk må vere påpasselege

Vegtrafikksentralen har fått inn tips om snø og svært glatte vegar i Sogndalsdalen. Dei ber folk vere varsame.

Sogndalsdalen

GLATT: Slik ser det ut på veg oppover Sogndalsdalen i kveld.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Vi har varsla entreprenøren som er på veg ut for å sjå på føret, seier Kristian Fauskan ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Han seier dei har fått fleire tips frå Sogndalsdalen.

– Meldingane går på snødekke og glatte vegar, og at det er veldig vanskeleg å kome i gang att og kome seg opp, dersom bilar må stoppe, seier Fauskan.

Oppmodinga frå vegvesenet er klar.

– Folk må vere påpasselege og ta det med ro.

På vegvesenet sine nettsider går det fram at det kan finnast glatte parti på Strynefjellet også, men Fauskan opplyser at dei førebels ikkje har fått meldingar om glatte parti på andre vegstrekningar.

– Men vi trur vi kjem til å få fleire meldingar i løpet av kvelden, så folk må følgje med, seier han.

På både Filefjell, Haukeli og Hardangervidda ligg det snø i kanten av vegane frå 800–1000 meter, opplyser vegtrafikksentralen.