Hopp til innhold

Store land skapar fiskeritrøbbel i vest

Marknadssituasjonen for sild og makrell ute i verda er svært usikker i haust. Det kan føre til sterk usemje i prisforhandlingane mellom fiskarane og fiskekjøparane neste veke.

Silda er ikke feit nok til å være matjesild

SKAL FORHANDLE: Norsk vårgytande sild er ein av fiskeartane som det no skal forhandlast om.

Foto: Øystein Ellingsen, Egersund / NRK

Fleire store og tradisjonelle utanlandsmarknadar er spesielt vanskelege no, seier marknads- og informasjonsdirektør Jarle Hansen i Norges Sildeslagslag.

– Russland har jo vore eit forbode område sidan august i fjor når det gjeld norsk fisk, mellom anna for pelagiske fiskeartar som makrell og sild, seier Hansen.

Usikker eksport

Denne veka startar Pelagia i Kalvåg mottaket av dorgemakrell, og fisket etter Nordsjøsild kjem også så smått i gang. Og utover hausten skal det også fiskast mykje sild og makrell av den havgåande flåten og kystsnurparane.

Men eksporten er spesielt usikker på fleire marknadar, seier driftsleiar Magnus Strand i Pelagia, som kjøper og eksporterer mesteparten av denne fisken.

– Nokon utfordringar har vi på marknadssida i og med at vi har ein spesiell situasjon i Russland og Ukraina, seier Strand.

Vanskeleg i Kina

Jarle Hansen i sildesalslaget peikar også på at Kina framleis er ein vanskeleg marknad for norske eksportørar.

– Det er utfordrande fordi norsk makrell har vore laga til i Kina for den japanske marknaden. Over natta er det ikkje lett å finne alternative stader, i alle fall ikkje i første omgang.

– Kva utslag vil dette gje?

– Det står att å sjå, men eg trur vel kjøparane vil bruke det for alt det er verd i forhandlingane. Det er det vel liten tvil om, slår Hansen fast.