Hopp til innhold

Stor snøskredfare på Vestlandet

Det er venta stor snøskredfare i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland når ekstremvêret Tor slår til fredag.

Snøskredet nådde Veitastrondsvatnet.

FARE: Med ekstremvêret fredag er det venta stor snøskredfare.

Foto: John Molland

Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) ber turgåarar halde seg unna skredterreng brattare enn 30 grader og utløpssoner for skred i helga.

Samstundes som ekstremvêret Tor er venta å treffe vestlandskysten fredag, aukar skredfaren til nivå 4.

Den store skredfaren gjeld hovudsakleg for fjellområde, og skuldast nysnøflak i høgda kombinert med sterk vind.

I låglandet er skredfaren mindre, grunna lite snø for årstida. Mildvêr tidlegare denne veka har verka stabiliserande på det gamle snødekket. Det er likevel venta naturleg utløyste skred av middels storleik.

Laurdag er skredfaren venta å minke utover dagen i alle tre fylke. NVE varslar dessutan jord-, sørpe- og flaumskredfare til middels nivå i Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland og Sogn og Fjordane.