Hopp til innhold

Stor skredfare i fjellet

- Skal du på fjelltur i finveret i helga, så ver varsam, for skredfaren er stor, seier geolog Svein Helge Frækaland.

Kraftig vind på fjellet dei siste dagane gjer at geologen no åtvarar folk som har tenkt seg på høgfjellet denne helga.

For med ei helg der det er venta sol frå nesten skyfri himmel, er det svært mange som vil ta seg ein tur til fjells.

Og dersom folk vel å reise på skitur, bør dei vere merksame på fleire ting, seier Frækaland.

- Gå ikkje inn under skavlar i søraustvende hellingar og unngå og heng under snaublesne rabbar

Også laussnøkøyrar som held seg like ved alpinanlegg bør vere forsiktige, seier geologen.

- Det er grunn til å vere obs, men dei som driv med denne aktiviteten tek høgde for denne faren, dei veit kva dei driv med.