Administrerande direktør Per Storgjerde seier det vil bety lågare straumrekningar for kundane.
- No er prisen nede på 20 øre kilowattimen, medan prisen i fjor sommar var 27-28 øre kilowattimen midt på heitaste sommardagen. No er det billigare straum om vinteren. Alt er snudd på hovudet, og er ikkje til å kjenne att, seier Storgjerde.
10 prosent over normalt
275 millionar kilowatt timar produserte Sunnfjord energi i 2004. Det er 10 prosent meir enn i eit normalår. Men det er ikkje berre i Sunnfjord det regnar. Også kundane til Ole Schancke Eikum og Sogn og Fjordane Energi kan no nyte godt av at vêrgudane har vore rause med nedbøren.
Vil halde seg låg
- I snitt har vi produsert meir enn det vi reknar som normal produksjon. Vi har produsert 1360 GWh, som er seks prosent over normalen. For kraftmarknaden betyr gode magasinfyllingar og høg produksjon ein billigare kraftpris, seier Schancke Eikum.
Og For Sogn og Fjordane Energi sin del betyr det under 30 øre kilowattimen. Og Per Storgjerde i Sunnfjord Energi trur prisane kjem til å halde seg låge ut på våren og sommaren.