Hopp til innhold

Stor fare for isnedfall heilt til neste veke

Meldingane om isklumpar på vegane strøymer inn, og isen har allereie skapt konsekvensar.

Fare for is på E39

PASS PÅ: Det er oppmodinga frå både politi og Statens vegvesen. For slik som her på E39 ved Eikås mellom Vassenden og Førde, er det mykje is som skal ned.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ein bil køyrde onsdag morgon inn i is som låg i vegbana på riksveg 15 ved Holmøyane i Eid. Ikkje lenge etter vart riksveg 5 ved Støylsnestunnelen i Kjøsnesfjorden i Jølster stengd ein kort periode på grunn av is- og steinras.

Frå fleire stader i fylket har det denne veka kome meldingar om isklumpar i vegen. Politiet ber folk følgje med og vere forsiktige.

– Meldingane har rent inn

Hos Vegtrafikksentralen har det vore mykje å ta tak i.

– Eg begynte på vakt klokka sju i dag og det har rent inn meldingar om stein- og isnedfall, spesielt i ytre delar av fylket. Det har vore mykje, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Han ber folk ta det med ro på vegane, særleg no i morgontimane når det er mørkt.

– Meldingane går stort sett på at mykje av dette kjem brått på rundt ein sving og at dei kanskje må hive seg over i feil køyrefelt. Så ta det med ro, spesielt der det er høge fjellskjeringar og tenk på at det kan ligge noko i vegen bak svingen.

Fare for is i vegen, E39

MYKJE IS: Etter ein lang kuldeperiode smeltar no ismassene som har samla seg. Det kan fort føre til isblokker i vegen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Vil vare til neste veke

Førebels har meldingane om is og stein i vegane kome frå ytre delar av fylket.

Det vil komme ned endå meir utover dagen og ut i neste veke, ifølgje regiondirektøren i NVE, Brigt Samdal.

– Går vi fram ei vekes tid så vil temperaturen søkke igjen og då kjem vi under null og det frys fast igjen over heile fylket.

Det er ein lenger periode med kulde som er grunnen til at isen rasar.

– Og når vi då går over i ein vedvarande periode med plussgrader, så er vanleg at isen smeltar og losnar. Desse isblokkene som kjem er både store og harde å møte i ulike samanhengar, så her er det om å gjere å passe på og køyre forsiktig på vegane, seier Samdal.

Her har det kome meldingar om is onsdag morgon:

  • Riksveg 5 Florø-Førde: Førde-Naustdal og Grov-Sundafjell – Mykje is i vegen
  • Riksveg 5 Støylsnestunnelen, Kjøsnesfjorden – Is- og steinras stengde veg
  • Riksveg 15 Holmøyane i Eid – Bil køyrde inn i is
  • Riksveg 60 Vanbergstunnelen mellom Olden og Innvik – Store isklumpar dekkjer halve vegen
  • Fylkesveg 609 Hundsåna mellom Førde og Askvoll – Mykje is i vegbana
  • Fylkesveg 609 Stongfjorden-Askvoll – Ligg is fleire stader på strekningen
  • Riksveg 55 Kyrkjebø-Vadheim – Mykje is i vegbana
  • Fylkesveg 615 Devik, Hyen – Is i vegen
Is i vegane