Hopp til innhold

To dagar igjen av dette, så blir det regn

Har du enno ikkje fått nyte finvêret som kulden har kome med? Då er det på tide å komme seg ut, for snart er det slutt for denne gong.

Vinter på Filefjellet

VINTERIDYLL: Mange har nytt fine dagar ute i snøen denne veka, men frå fredag kveld blir det vêrskifte.

Foto: Jan Christian Jerving

Det har vore ein lang periode med kulde den siste tida, men først denne veka har også kystfolket kunne nyte snø på bakken.

Men til helga snur det, og dermed er det berre å utnytte dei neste to dagane, ifølgje statsmeteorolog Jørgen Grønneberg ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Ventar vind og regn

Torsdag og fredag på dagtid blir vêret ganske likt det vi har hatt resten av veka, med kalde temperaturar. Unntaket er at det blir aukande vind på kysten torsdag.

– I morgon ettermiddag kan det kome opp i sørleg liten kuling ytst på kysten, med moglegheiter for enkelte sludd- eller snøbyer, seier Grønneberg.

Det betyr også sol for dei som er så heldige å ha den. Men frå fredag ettermiddag/kveld blir det andre bollar. Då byrjar temperaturane å stige, og vinden aukar på.

– Frå fredag ettermiddag og kveld blir det søraust stiv og til dels sterk kuling utsette stader. Det blir også nedbør etter kvart i løpet av ettermiddagen eller kvelden. Det startar som snø og etter kvart så går det over til regn eller sludd nær kysten, seier meteorologen.

Solnedgang over Askrova i Flora - lesarbilete

SOLNEDGANG: Sola har begynt å kome fram fleire stader der ho har vore vekke, men med ein meir grå vêrtype tek ho kanskje ein pause frå helga av. Biletet syner solnedgangen over Askrova i Flora onsdag ettermiddag.

Foto: Egil Melvær

Markant temperaturhopp

Og verre blir det. Helga blir våt. Først på laurdag er det ikkje venta mykje nedbør, men det vil auke på og temperaturane vil halde fram med å stige.

– I området rundt Førde til dømes vil kunne få regn i lågare strok utover laurdagen. Inst i fjordstroka vil det nok ta litt lenger tid før mildvêret trengjer inn. Sannsynlegvis ikkje før søndag eller måndag, seier Grønneberg.

Og nok ein gong vil fylket oppleve ei stor temperaturendring på kort tid. Men denne gongen går det frå mange minusgrader til fleire plussgrader.

– Det er mange stader som har hatt 10–15 kuldegrader som vil få ein god del plussgrader, spesielt på laurdag og søndag. Så det vert ein markant kontrast.

Slaps og holk

Det betyr regn og snøsmelting.

– Og i og med at bakken er frosen vil vi få ganske mykje sørpe, og så vil det også fryse på og bli holk før regnet trengjer ned i grunnen. Og så blir det mykje vatn som skal renne unna.

Mildvêret held fram måndag og tysdag. Snøgrensa vil svinge litt, men vil truleg ligge på 400–700 meter desse dagane.