Førde Sentralsjukehus. Arkivfoto©nrk
Kapstad vil ikkje utdjupe nærare kva funksjonar som må vekk om det ikkje kjem meir pengar, men seier at dette arbeidet vil dei setje igang med å utgreie til hausten. Heller ikkje på gårsdagens leiarmøte i Helse Vest fekk Kapstad med seg signal om at det var pengar å hente frå staten. Og han fryktar at svaret ikkje kjem før budsjettet blir lagt fram i første del av oktober, noko som vil gjere budsjettplanlegginga svært vanskeleg. Ei av hovudårsakene til den store pengemangelen er at då staten overtok spesialhelsetenesta frå fylka, fekk Helse Førde overført 54 milionar kroner mindre enn dei reelle kostnadane.
I tillegg vil eit langt dyrare lønnsoppgjer enn kva som var budsjettert, gi minst 12 til 13 millionar kroner i auka utgifter. I tillegg kan auke i pensjonspremien åleine koste 54 millionar kroner. Ambulansebudsjettet er overskride med åtte millionar kroner, og i tillegg må Helse Førde spare inn to prosent på busjettet sitt for å dekke underskotet i Helse Vest. Og om ikkje staten bidreg med meir pengar, er det heilt klart at pasientane vil merke konsekvensane, seier Kapstad.