Hopp til innhold

Stoppa av væpna politi: Brukte denne kniven mot si eiga mor

Mora inviterte på tacokveld, det enda i eit blodbad. No er ein mann i 30-åra dømd til fengsel for knivangrep og drapstruslar mot si eiga mor.

Kniv brukt i knivangrep i Sogn

VÅPENET: Mannen fann denne kniven utanfor huset til mora og brukte den til å stikke ho fleire gonger.

Foto: Politiet

Laurdag 22. september i fjor blei ein dramatisk kveld i Sogn. Mannen hadde takka ja til å kome heim til mor si for å kose seg med taco, men då han kom dit blei stemninga alt anna enn god.

I ein fersk dom frå tingretten blir det skildra korleis han drog mor si gjennom huset og trua med at «ho måtte døy» og at «eg må drepe deg i kveld». Han hadde tatt med seg ein kniv han fann utanfor huset hennar.

– Han heldt deretter kniven mot brystet til fornærma. Ho tok tak i knivbladet og pressa kniven oppover, noko som medførte at ho fekk kuttskadar på hendene, står det i dommen.

Etter ei stund kom ein kamerat av tiltalte til huset. Mora fekk gitt eit signal til han om å kontakte politiet, noko han gjorde. Men straks etter drog sonen mora inn i stova der han stakk ho fleire gonger.

Ein lokal politimann var den første til å rykkje ut. Han væpna seg med pistol og fekk etter kvart støtte frå to kollegaer. Saman tok dei seg inn i huset for å overmanne den aggressive og utagerande mannen.

Sikta mot gjerningsmannen

I dommen blir det skildra slik:

«(...) sikta deretter med våpenet mot tiltalte, med fingeren på avtrekkaren og ropte "Slepp kniven, elles skyt eg».

Politimannen forklarte i retten at han ikkje såg det som forsvarleg å skyte sidan den knivskadde mora låg mellom han og gjerningsmannen.

– Tiltalte bøygde seg ned og høgg fornærma i kroppen raskt to til fire gonger med kniven. Han kasta deretter kniven frå seg, står det i dommen.

I retten kom det fram at tiltalte har slite med rusproblem i mange år og at han var rusa då han gjekk til angrep på mor si. Retten meiner uansett at det ikkje leggjast vekt på det og vurderte han som edru.

– Alvorleg sak

Mannen blei dømt til eitt års fengsel for knivangrepet. Han må også betale nær 50.000 kroner i erstatning fordi han øydela inventar i politibilen som skulle frakte han til arresten.

– Eg meiner at det er treft ei viktig og rettferdig avgjerd i denne saka, seier politiadvokat Malin Skeibrok Ånensen til NRK.

Det er opp til Statsadvokaten om saka skal ankast vidare, men det er lite truleg, seier Ånensen.

– Vi ser veldig alvorleg på saka. Det er alvorleg lovbrot som det er viktig å reagere mot.

Offeret i saka, mora, fekk ikkje alvorlege skader etter knivstikkinga.