Hopp til innhold

Stoltenberg avviser skuldingar

Statsminister Jens Stoltenberg avviste i Stortinget i dag alle skuldingar om at regjeringa har brote vallovnader i Årdal.

Jens Stoltenberg
Foto: Ståle Andersen / Scanpix

Ein samla opposisjon gjekk til frontalangrep på regjeringa for løftebrot både i Skien og Årdal.  

Jon Lilletun frå Kristeleg Folkeparti meinte regjeringspartia i alle fall hadde gitt inntrykk av at dei ville styre Hydro.

Stoltenberg nekta for å ha sagt at regjeringa skulle instruere Hydro, men hadde lova omstilling og nye arbeidsplassar.

- Vi har aldri snakka om å instruere, men vi har snakka om å omstille slik at vi får nye arbeidsplassar i Årdal, konkluserte statsministeren.