Hopp til innhold

Stille før stormen, men Askvoll bur seg på uvêr

Laurdag kjem ekstremvêret Nina inn over kysten og fjordane på Vestlandet. Dyrkjøpte erfaringar frå til dømes Dagmar gjer at ein i Askvoll no håpar å vere betre budde på uvêret.

Det er stille før stormen i Askvoll, men kommunen håpar dei er godt budde før Nina når land.

NINA: Laurdag skal ekstremvêret Nina treffe Vestlandet. I Askvoll håpar ordførar Frida Melvær og teknisk sjef, Per Jan Ryland at dei er godt budde.

Foto: Stein Jarle Aase

– Vi har gått gjennom tidlegare hendingar og sjekka at utstyret fungerer. Ein veit aldri heilt kva som kjem, men vi bur oss så godt vi kan, seier teknisk sjef i Askvoll, Per Jan Ryland.

Saman med resten av kommuneleiinga gjekk han fredag gjennom beredskapsplanane og kva ein har av tilgjengeleg mannskap og utstyr når ekstremvêret Nina er venta å kome laurdag.

I fylket er det venta opp mot vestleg full storm, sterk storm utsette stader og vindkasta kan kome opp mot 40–45 meter i sekundet. Ved Stad kan det blåse orkan. Ifølgje meteorologane skal det blåse mest tidleg på kvelden, og uvêret er venta å minke noko utover kvelden. Det er også meldt om bølgjer på mellom 10 og 12 meter langs kysten av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Kommunikasjon er nøkkelen

Fleire kommunari fylket går på sine nettsider ut og ber folk ta førehaldsreglar og halde seg oppdaterte på vêrutsiktene. Der opplyser kommunane også om viktige telefonnummer dersom innbyggjarane skulle få trøbbel. I Askvoll er ein bevisste på at kommunikasjon med innbyggjarane er viktig og må takast vare på, spesielt ved slike høve. Informasjon kan det aldri bli nok av.

– Under Dagmar vart vi isolerte, og stod utan veg, tele og straum. Etter det kjøpte vi to satellittelefonar som kan gjere kommunikasjonen enklare, fortel ordførar i kommunen, Frida Melvær.

Knust over bil

DAGMAR: Slik såg det mellom anna ut på Vestlandet då folk vakna opp etter orkanen Dagmar sine herjingar i 2011.

Foto: privat

Ho er sjølv oppvaksen på ei øy i Værlandet, og orkanen Dagmar som herja i romjula 2011, er det tøffaste vêret ho har opplevd. Då vart mange område i heile fylket straum- og telefonlause, og fleire bygder vart isolerte på grunn av raseringa på vegane.

– Det var ei ubehageleg veke, minnast Melvær.

Både kraftselskap, vegvesenet, vegtrafikksentralen og politiet har auka beredskapen i forkant av Nina, som skal kome fykande laurdag.