Hopp til innhold

Sterk usemje om straff for tidlegare fylkestopp

– Her blir det skote sporv med kanonar, sa den tidlegare fylkestoppen sin forsvarar, Stig Nybø, under siste dag av rettssaka i dag.

Aktor Magnus Engh Juel og forsvarar Stig Nybø i tingretten.

RETTSSAK: Aktor Magnus Engh Juel og forsvarar Stig Nybø var på kollisjonskurs i tingretten. Medan aktor meinte den tidlegare sjefen i fylkeskommunen skal ha tre års fengsel, argumenterte forsvararen med at mellom 90 og 120 dagar i fengsel er nok.

Foto: Bård Siem / NRK

Ei fengselsstraff på mellom 90 og 120 dagar, meinte forsvararen var nok.

Forsvararen vedgjekk at tiltalte hadde gjort seg skuldig i å ha gått utanfor sine økonomiske fullmakter for opp mot 200.000 kroner.

Ut over dette meinte han at den tidlegare fylkestoppen var uskuldig.

Dette er noko heilt anna enn aktor sin påstand om tre års fengsel for grov økonomisk utruskap av 3,7 million av kroner.

Meiner tiltalte har vore lojal

Medan aktor meinte tiltalte hadde vore illojal overfor fylkeskommunen og handla på ein planmessig og utspekulert måte for å oppnå vinning for seg sjølv, familiemedlemer og den lokale fotballklubben.

Forsvararen meiner tiltalte har vore lojal og at han heile tida har handla i god tru.

– Han har ikkje handla i strid med fylkeskommunen sine interesser. Han har heller ikkje hatt eiga vinning som motiv, la Nybø til.

Han har ikkje handla i strid med fylkeskommunen sine interesser.

Stig Nybø
Utstyr som den tidlegare sjefen i fylkeskommunen har kjøpt inn.

UTSTYR: Her ser vi noko av utstyret som den tidlegare sjefen i fylkeskommunen har kjøpt inn. Ifølgje aktor skal han ha kjøpt inn utstyr for 3,7 millionar kroner, utstyr som fylkeskommunen ikkje hadde bruk for.

Foto: Bård Siem / NRK

Aktor meinte tiltalte hadde kjøpt utstyr for 3,7 millionar kroner som fylkeskommunen ikkje har behov for.

Det dreier seg om store mengder kostbart elektronisk utstyr, utstyr til streaming, fotokamera, film- og lydutstyr, mikrofonar, dronar, høgtalarar, mobiltelefonar, fjell- og friluftsutstyr, verktøy, røykmaskin, champagnekjølarar og mykje anna.

– Utstyr til undervisning

Aktor meinte tiltalte sjølv og familien hans har brukt noko av utstyret, noko har stått lagra og ubrukt og noko skal den lokale fotballklubben teke i bruk.

Tiltalte sit sjølv i styret i den lokale fotballklubben.

– Det er ein del storslått utstyr som var handla inn, men det var relevant utstyr. Streaming tvingar seg fram over alt i dag og er ein enkel måte å få ut bodskap og undervisning til mange. Det gjev også innsparing, sa forsvararen.

Ein del storslått utstyr var handla inn, men det var relevant utstyr.

Stig Nybø

Han påpeika vidare at tiltalte hadde tenkt å lage rekrutteringsvideoar for fylkeskommunen, noko han tidlegare har fått skryt for.

– Utstyret han kjøpte inn skulle brukast i høve planane som var lagde, sa forsvararen.

Meiner fotballklubben lånte utstyr

Forsvararen meinte det var feil, slik aktor har hevda, at tiltalte hadde kjøpt inn utstyr til den lokale fotballklubben.

– Han har lånt ut litt utstyr til fotballklubben, men mesteparten av utstyret som vart kjøpt inn kan ikkje koplast til fotballklubben. Noko utstyr var mellomlagra i bygningar fotballklubben eig, men det var aldri snakk om at fotballklubben skulle få dette, sa forsvararen.

Usemje om erstatning

Aktor meinte tiltalte må ut med opp mot fire millionar kroner i erstatning til fylkeskommunen. Forsvarar Nybø var usamd i dette.

– Fylkeskommunen må vise til eit økonomisk tap dersom dei skal tilkjennast erstatning. Beløpet på 200.000 kroner, som tiltalte heile tida har vedgått var feil å bruke, må sjølvsagt erstattast. Ut over dette må han frifinnast frå nokre krav, sa Nybø.

Han viste til at mesteparten av utstyret framleis er lagra og står til fylkeskommunen sin disposisjon.

– Dersom fylkeskommunen løftar blikket, kan utstyret brukast mange stader i organisasjonen, sa Stig Nybø.