Hopp til innhold

Kan bli eit raskt OK for Okine i Sogndal

SOGNDAL (NRK): Han spelar til vanleg for Zlatan Ibrahimović sin gamle klubb Rosengård i Malmö. No trenar den sterke midtstopparen Emmanuel Ayaah Okine med Sogndal.

Emmanuel Ayaah Okine

TRENAR MED SOGNDAL: Emmanuel Ayaah Okine spelar til vanleg for Rosengård i Malmö, men kan raskt bli klar for Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det var fleire nye fjes på treninga til Sogndal i Sognahallen tysdag. Ein av dei er den 23 år gamle ghanesaren Okine, som blir sett på som god midtstoppar og som ein spelar som kan passe godt inn i Sogndal.

– Han er ein veldig robust og flott stoppartype. Han har vore med og hospitert ein del hos Åge Hareide i Malmö FF. Han har vore her i ei veke, og blir her til over helga, seier Håvard Flo i Sogndal Fotball til NRK.

Flo legg ikkje skjul på at Okine er blant dei mest aktuelle til å kunne få ein plass i Sogndal sin A-stall når 1. divisjon brakar laust i starten av april.

Vil bruke god tid

Emmanuel Ayaah Okine

HARDHAUS: Håvard Flo samanliknar Okine med Raoul Kouakou.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Sjølvsagt ser vi utviklingspotensial med han også. Men han er definitivt ein hardhaus. Han har litt parallellar til vår gamle kjenning, Raoul Kouakou. Så det skal bli artig å bli betre kjend med han, seier Flo.

Sogndalmanager Eirik Bakke og hovudtrenar Ian McParland er no i ferd med å teste ut fleire nye spelarar, også lokale. Målet til Bakke er å finne attende til fylkesprofilen på laget, som på langt nær var vekke det siste året i eliteserien.

– Vi vil bruke tida godt no framover til overgangsvindauge stenger. Men det er viktig å få nye spelarar på plass, slik at dei kan spelast inn og blir vand til systemet i klubben og medspelarane, meiner Håvard Flo.

Andreas Leitner

UNGT TALENT: Den austerikske keeperen Andreas Leitner er også på prøvespel.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vurderar ny målvakt

På treninga i Sognahallen tysdag var det også ei ny, mogleg målvakt på plass for å prøve å imponere keepertrenar Terje Skjeldestad og resten av leiinga i klubben. Den austerrikske U21-målvakta, Andreas Leitner, har dei siste åra spelt for Admira Wacker.

– Vi har gode rapportar på han, og han skal vere med oss no ei veke for å syne kva han kan. Ein spennande spelar som har gått gradene gjennom alle u-landslaga der nede og har også eit par år med erfaring frå austerriksk toppdivisjon.

I slutten av veka kjem også Jacob Storevik frå Naustdal for å trene med Sogndal. Den 18 år gamle målvakta har dei siste åra vore knytt til Rosenborg, men står no utan kontrakt.