Hopp til innhold

Steppar inn som assistent for Bakke

Terje Skjeldestad skal fylle holet som oppstod då assistenttrenar Ian McParland reiste frå Sogndal rett før seriestart.

Terje Skjeldestad

NY ASSISTENT: Med over 400 kampar i Sogndal-drakta har Terje Skjeldestad mykje å bidra med som assistenttrenar for Eirik Bakke. Her er han i rolla som keepertrenar på Fosshaugane.

Foto: Rune Fossum

– Terje har mykje fagkunnskap og kvalitetar, og skal vere med og utfylle det sitjande teamet. Han skal ha ei meir dedikert assistentrolle, samstundes som han også skal ha fokus på keeperane våre, seier sportssjef Håvard Flo.

Skotske Ian McParland kom i vinter til Sogndal som assistenttrenar for Eirik Bakke, men valde berre veker før seriestart å reise heim att til balløya. Sidan då har Sogndal halde fram med det same støtteapparatet – men utan ein dedikert assistenttrenar.

– Spelarane får ein tydeleg assistenttrenar

No har klubben innstilt den umiddelbare jakta på ein erstattar og funne ei intern løysing. Tidlegare Sogndal-keeper Terje Skjeldestad held fram som keepertrenar, men får også eit utvida ansvar som assistenttrenar.

Han har tidlegare vore assistent også under Harald Aabrekk og Jonas Olsson.

– Det er ikkje heilt ukjent for meg. Eg var keepertrenar også i 2010, då Håvard Flo plutseleg gjorde nok eit comeback, Torbjørn Glomnes reiste til Førde – og eg tok over som assistent. Det gjekk bra då også, smiler Skjeldestad.

– Kva kan spelarane vente seg av den nye assistenttrenaren?

– Dei får ein tydeleg kar, og eg har ein god del å bidra med etter å ha stått bak og sleppt inn ein del mål gjennom åra. Så eg har meiningar om korleis vi kan hindre at det blir så mange baklengs, seier Skjeldestad.

– Samstundes har eg også fått opp auga for spelet, etter å ha jobba under Harald Aabrekk og på innsida av diverse landslag dei siste åra, seier 37-åringen.

Terje Skjeldestad (t.v.) og Marius Lennie Bøe

TETT MOT A-LAGET: Terje Skjeldestad (t.v.) og toppspelarutviklar Marius Bøe får fleire oppgåver knytt opp mot A-laget enn dei først var tiltenkt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ventar med å hente folk – men kan skje på sikt

Håvard Flo vedgår at den uventa avskjeden frå McParland skapte utfordringar for Sogndal. Det var svært kort tid til seriestart då skotten reiste, men klubben ønskte heller ikkje å forhaste seg. Difor er det ikkje aktuelt med eksterne krefter no – sjølv om Sogndal har vore kontakta av folk som gjerne vil inn i systemet.

Også toppspelarutviklar Marius Bøe vil no få meir ansvar retta inn mot A-laget. Saman med Terje Skjeldestad blir han ein meir aktiv sparringpartner for hovudtrenar Bakke.

– Vi har kunnskapsrike folk internt, og vil bruke denne modellen framover. Så får vi sjå korleis det utviklar seg, og om vi eventuelt vil hente inn ein ny trenar utanfrå på sikt. Uansett ønskjer vi å ta ei god avgjerd, seier Flo.

Benken med Terje Skjeldestad (f.v.), Marius Bøe, Helge Haugen og Yngve Myhre

PÅ BENKEN: Trenarteamet på benken i kampen mot Bærum. Terje Skjeldestad (f.v.), Marius Bøe, Helge Haugen (fysisk trenar) og Yngve Myhre (fysioterapeut).

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK