Hopp til innhold

Steinkrossen var allereie skadd

Allereie for 18 år sidan vart det påvist at steinkrossen ved Eivindvik kyrkje hadde store skader.

Krossen i Eivindvik

SLIK GJEKK DET: Krossen var 2,85 meter høg og segna seier at krossen vart reist av Olav den heilage i 1023.

Foto: Ottar Starheim/Laila Indrebø / NRK

Ifølgje ein rapport som Bergens Tidende refererer til i dag, fann ein i 1994 ut at steinen hadde store skader.

Det blei funne både horisontale og diagonale sprekkar i breisidene av krossen, og ifølgje rapporten medførte dette høg skadegrad. I tillegg til sprekkane skal det også ha vore holrom inne i krossen.

I slutten av april skjedde det som ikkje skulle skje. Olavskrossen utanfor Eivindvik kyrkje har truleg stått i snart tusen år, etter at den ifølgje segna vart sett opp av Olav den heilage i 1023.

I samband med at ein skulle fjerne eit tre som ein meinte stod farleg til for krossen, ramla ei grein ned på krossen. Den øvste delen av krossen vart knekt av og det står berre att ein liten stump.

Fylkeskonservator Eva Moberg i Sogn og Fjordane seier til Bergens Tidende at ein ikkje ser nokon samanheng mellom dei skadane som vart påviste for 18 år sidan og uhellet.

– Knekkpunktet er på ein annan stad enn der rapporten frå 1994 påpeika sprekkar og holrom, seier Moberg til BT.