NRK Meny
Normal

Kommuneleiinga i krisemøte for å løyse ras-floke

VIK (NRK):I Vik kjem ikkje skuleborn seg på skulen, og arbeidstakarar kjem seg ikkje på jobb på grunn av at riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes er stengd av eit steinras.

Ordførar Olav Turvoll i Vik

UROA: Ordførar i Vik, Olav Turvoll.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kommuneleiinga i Vik sette seg klokka 08.30 i krisemøte for å prøve å finne løysingar for bygdefolket som er råka av vegstenginga.

Etter at det i natt gjekk eit ras i Galden, den mest rasutsette staden på strekninga, har Vegvesenet bestemt seg for at vegen vert stengd ut dagen.

Dette er viktigaste ferdselsåra inn til Vik, og mange pendlar denne strekninga dagleg både frå og til Fresvik, Feios og Vangsnes for å komme til jobb og skule i Vik. I tillegg er det mange som pendlar frå Vik og til jobb både på Leikanger og i Sogndal.

Har førebels ikkje oversikt

Ordførar Olav Turvoll er klar på at dette får konsekvensar i eit lite samfunn som Vik.

– Skulebussen kan ikkje gå, så vi må få ordna det på anna vis. Vi har førebels ikkje oversikt over korleis vi skal løyse dette, seier Turvoll.

Han legg til at ei løysing kan vere å omdirigere eksisterande båtruter, men for å gjere dette må ein ha ein dialog med Vegvesenet.

Ordføraren kan sjå bort på rasstaden frå kontoret sitt i kommunehuset i Vik. Galden er ein kjend rasstad der det ofte kjem ned både små og store steinar.

– Her har det gått ras ofte, og det er ofte store steinar. Det er skummelt, seier Turvoll.

Steinar på riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes

STORE STEINAR: Slik ser det ut på rasstaden.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Er glad for at fjellet er ope

Neste år startar jobben med å rassikre strekninga, ei sikring bygdefolket og kommunen har jobba med i årevis for å få på plass.

– Då vert det tunnel gjennom Galden og det ser vi veldig fram til, seier Turvoll.

Einaste lyspunkt i dag er at riksveg 13 over Vikafjellet er ope. Dermed er ikkje Vik isolert.

– Men fjellet kan bli stengt på kort varsel no vinterstid, og då kan vi ikkje lite på det. Difor må vi organisere akuttberedskapen på anna vis også, seier Turvoll.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.