Hjelmeset skulle vere hare på første halvdelen, 15 km klassisk, men fekk aldri sjansen til å rykkje på tredje runden, slik planen var.
Stavar som ikkje passa
Etter stavbrotet fekk han fleire nye stavar som ikkje passa. Dermed kom han på etterskot, og kom seg ikkje fram att i teten, der han etter planen skulle syte for stor fart, slik at sjansane til lagkameratane Frode Estil, Kristen Skjeldal og Espen Harald Bjerke til gode plasseringar skulle bli betre.
Optimist før sprinten
Men forma til Hjelmeset er det ikkje noko i vegen med - den er på topp, seier han. Han ser fram til sprintrennet i VM tysdag og har håp om ei plassering heilt i teten.