Hopp til innhold

Statssekretær nøgd med sjukehusa

Statssekretær Dagfinn Sundsbø er samd med fylkeslege Petter Øgar i at helseføretaka ikkje kan gå år etter år med underskot.

Dagfinn Sundsbø

Statssekretær Dagfinn Sundsbø.

Foto: Sidsel Avlund / NRK

Tysdag fortalde NRK om fylkeslegen sin kritikk mot den økonomiske styringa i sjukehussektoren .

- Han har absolutt eit poeng. Vi har hatt for dårleg budsjettstyring i sjukehusvesenet vårt, men vi arbeider heile tida med å syte for at sjukehusa held seg til budsjetta, svarar statssekretær i Helsedepartementet, Dagfinn Sundsbø.

Blandar oss ikkje

Og ifølgje Sundsbø ser 2009 ut til å bli vesentleg lysare enn på mange år. For sjølv om Helse Førde ser ut til å gå med nær 100 millionar kroner i underskot, vil Helse Vest totalt sett gå i balanse. Underskotet i Helse Førde må Helse Vest styre sjølve.

- Når dei meiner at Helse Førde har spesielle utfordringar, så tek vi det til etterretning. At dei ynskjer å dekke det innan sitt totale budsjett, er heilt i orden for oss, seier Sundsbø.

Som Øgars ideal

Helse Sør-Øst er det einaste av dei fire helseføretaka som slit med store raude tal. Totalt sett meiner statssekretæren at økonomien i helseføretaka er på veg dit fylkeslegen i Sogn og Fjordane vil ha den.

- Slik sett opplever eg at vi styrer sjukehusa etter dei ideal som Petter Øgar meiner vi bør leggje til grunn; at vi ikkje kan ha ein situasjon der det er legalt å ha store underskot, avsluttar Sundsbø.