Hopp til innhold

«Statssekretær med skitpakke mot Nordfjord sjukehus»

Senterpartiet meiner statssekretær Tord Dale kjem med skitpakke mot Nordfjord sjukehus for å få redusert tilbodet.

Tord Dale møtt av sjukehusforkjemparar på Stadlandet

KRITIKK: Statssekretør Tord Dale får kritikk frå Senterpartiet i Eid.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Statssekretæren i Helse- og omsorgsdepartementet blir mellom anna skulda for å sverte det ortopediske miljøet i Nordfjord. Sp-politikar Sigurd Reksnes i Eid er provosert.

– Dale sa at ortopedisk avedling har eit frynsete fagleg rykte i Helse Vest og at dette er ein viktig grunn til at dei vil leggje ned avdelinga, seier Reksnes til NRK.no.

– Ei hårreisande uttale

Det var i etterkant av eit folkemøte i Selje før påske at Tord Dale skal ha kome med påstandane om at det ortopediske miljøet ved Nordfjord sjukehus har eit frynsete fagleg rykte i Helse Vest.

Han skal vidare ha slått fast at det frynsete ryktet skal vere ein viktig grunn til at avdelinga blir nedlagt. Reksnes er sjokkert over statssekretæren.

– Det er ei hårreisande uttale. At han reiser rundt og sprer slike rykter er svært alvorleg, for dette er ikkje noko ein kan dokumentere, seier Reksnes.

Dale skriv i ein epost at til NRK han avviser at han skal ha sagt at ortopedien i Nordfjord har eit frynsete rykte. Økonomiske årsaker ligg bak nedlegginga, hevdar han.

– Eg er ikkje i tvil om kva som vart sagt. Vi var fleire som høyrde på, seier Reksnes.

– Men er ikkje dette ein skitpakke frå Senterpartiet mot Dale i staden?

– Nei, det er for å få fram kva som faktisk skjer. Vi vil vise på kva slags måte dette speler føregår, svarar han.

Hyra advokathjelp

Ved hjelp av advokatfirmaet Harries ba Sjukehusaksjonen i Nordfjord statssekretæren om å komme med ei grunngjeving av påstandane. Brevet var sendt i slutten av april. Så langt har han ikkje kome med noko svar.

Foruten Reksnes, kjem partifellene Kjell Magne Åshamar og Paul Jacob Helgesen med ei skriftleg stadfesting om at Dale kom med dei kontroversielle skuldingane.

– Tord Dale uttalte at ortopedien på Eid hadde eit dårleg rykte, seier Åshammar.