Hopp til innhold

Statsministeren takkar alle dei involverte etter uvêret

Statsminister Jens Stoltenberg har treft både kommuneleiing og fleire av dei råka etter stormen. Han nytta høvet til å takke dei involverte.

Stoltenberg landa på Sogndal lufthamn Haukåsen klokka 13 torsdag og fekk i Sogndalsdalen møte Daniel Meisterplass som fortalde om dramatikken første juledag.

Då var Meisterplass i sving på 132 kV-linja mellom Leirdøla og Leikanger.

– Vi måtte skjære oss gjennom fleire stader for å komme til. Det fall ei gran ein meter framfor bilen. Då var det farleg, fortel Meisterplass.

Takka for innsatsen

Stoltenberg er i fylket for å bli orientert om situasjonen etter stormen sine herjingar i romjula. På programmet står mellom anna eit møte med fylkeskommunar, kommunar og statlege etatar. På førehand har fylkesmann Anne Karin Hamre varsla full oppvask etter uveret .

Statsministeren nytta høve til å takke Meisterplass og alle andre som har vore i sving i samband med ryddearbeidet etter stormen.

– Heilt avhengige av slike som dykk. Utan slike som dykk, hadde det ikkje fungert. Eg trur ikkje kor mange som forstår kor krevjande og kor mange som har stått på, sa han.

Telefonen mest sårbar

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, orienterte om korleis kommunen handterte situasjonen. Han meinte straumen ikkje var det mest sårbare.

– Men at telekommunikasjonen fall vekk var ganske sårbart i forhold til liv og helse, fortalde han og fekk forståing hos ministeren.

– Det er viktig for meg å høyre frå dykk som stod midt opp i det, svara Stoltenberg.

– Vi er sårbare

– Mykje har fungert og mange har gjort ein kjempejobb, men så er det også openbart at det er ein del ting som ikkje har fungert. Det viser også at vi er sårbare, vedgjekk Stoltenberg.

Aarvoll fortalde om innsatsen til folk i Fjærland som hadde størst skade i Sogndal. Stor mobilisering i lokalsamfunnet for å stille saman med Sognekraft.

Seinare i ettermiddag skal statsministeren til Høyanger og mellom anna treffe stormofferet Kari Nordeide i Sandvika.

NRK.no følgjer statsministerbesøket utover dagen.

Video 5c08cb5a-f3f2-4e5b-96ae-92bb3f7486f1.JPG

SJÅ TV-SAK: Fleire innbyggjarar måtte evakuere etter raset i Sandvika i Høyanger.