NRK Meny
Normal

Ho seier helseføretaka får meir pengar til psykiatrien: Likevel vil Helse Førde kutte

Statsminister Erna Solberg meiner helseføretaka får pengar til å auke satsinga innan psykisk helse og rusbehandling. Trass dette vil Helse Førde og fleire andre føretak kutte.

Erna Solberg sitter i stortingssalen og holder opp to ark

NOK PENGAR: Erna Solberg blar i papira under den munnlege spørjetimen på onsdag. Det er nok pengar til å auke aktiviteten i psykiatrien, sa ho.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Når Helse Førde skal vedta sitt budsjett neste veke, ligg det inne forslag til kutt på 6 millionar i psykiatrien, noko som har ført til eit ordføraropprop til styresmaktene. Desse kutta er ikkje regjeringa si skuld, meiner Solberg.

– Dette budsjettet aukar aktiviteten neste år. Det aukar pasientbehandlinga, og det er rom for å auke, seier ho.

Ho meiner prioriteringane i dei regionale føretaka, som Helse Vest, har mykje å seie for budsjettrammene til lokale helseføretak som Helse Førde.

– Korleis auken er fordelte mellom ulike føretak innanfor dei regionale føretaka, må dei regionale føretaka vurdere. Vi veit vi har rom for å prioritere innanfor spesialisthelsetenesta, psykisk helsevern, med det budsjettet som er lagt fram for neste år, seier statsministeren.

Den gylne regelen

Torgeir Michaelsen (Ap)

TORGEIR MICHAELSEN: Frå Arbeidarpartiet.

Foto: Stortinget

Fleire helseføretak kuttar i psykiatrien, trass i at regjeringa har vedteke den sokalla «gylne regelen» om at psykisk helsevern og rus skal ha ein årleg vekst som er større enn somatikken – eller det som på folkemunne vert kalla vanlege sjukehustenester.

Statsministeren fekk kraftig køyr frå opposisjonen i Stortinget på onsdag. Helse Førde er mellom dei som må kutte, og ifølgje stortingsrepresentant Torgeir Micaelsen (Ap) gjeld det fleire føretak. Han kom med eit eksempel frå Nord-Norge, der eit helseføretak må kutte 100 millionar.

– Direktøren skriv på nettsida: Det er gitt politiske føringar om at psykiatri og rus skal vakse meir enn den somatiske delen. Det vert derfor planlagd ein noko mindre reduksjon innanfor rus og psykiatri enn innanfor somatikken. Kva tykkjer statsministeren om ein slik måte å tolke den gylne regelen på?

– Må godta omleggingar

Erna Solberg kommenterte ikkje denne problemstillinga, men seier altså at det er gitt pengar til auke i psykiatrien. Og så må vi godta faglege omleggingar.

– Psykisk helsevern skal rustast opp. Men faglege omleggingar må det vere mogleg å gjere, også innanfor spesialisthelsetenesta, seier Fossheim

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.