Hopp til innhold

– Psykiatrikutta vil råke unge i faresona

Tilbodet ved familiehuset går ei usikker framtid i møte og BUFETAT har fjerna ressursar. – Då blir det ganske magert. Rett og slett, seier kommunepsykolog om dei nye psykiatrikutta i Helse Førde.

Førde sentralsjukehus 14

NYE KUTT: Det er allereie gjort kutt i psykiatrihelsetenesta i fylket. I september kan nye ni stillingar ryke. – Vi har vel opplevd kapasiteten på Helse Førde og barne- og ungdomspsykiatrien som nesten sprengd allereie, seier kommunepsykolog Herdis Bergset i Gloppen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ein av fylkets få kommunepsykologar, Herdis Bergset i Gloppen, fryktar følgjene, dersom Helse Førde-styret vedtekt å kutte seks millionar kroner i psykiatrien.

I alt ni stillingar står i fare. Nær tre av desse i poliklinikken for barn og unge (BUP).

– Følgjene er at problema får bli veldig store før ein får byrje å jobbe med dei, og med store helsefølgjer vidare i livet for dei det gjeld, seier Bergset.

– For seint inn

Bergset meiner kutta som kan bli vedtekne i desember vil råke dei som er i faresona for å få alvorlege psykiske lidingar.

– Det vil føre til at vi må prøve å ta oss av dei sjukaste i kommunen. Mange av dei sakene tek mykje ressursar, og då vil ein ikkje kunne komme tidleg inn og hjelpe dei som endå ikkje har utvikla så alvorlege vanskar, seier ho og legg til:

– Det gjer igjen at problemstillingane kan bli mykje meir alvorlege og fastlåste før ein kjem i gang med noko behandling.

Har gjort kutt

Direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch

SVIKTAR IKKJE: Direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch, forsikrar at reisebudsjettet skal utnyttast på best mogleg måte.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Både tillitsvalde, kommuneoverlegar og ordførarar har tidlegare protestert mot planane. Bergset deler denne uroa for situasjonen.

For det er allereie gjort store kutt i psykiatrien i fylket. Bergset nemner mellom anna Familiehuset, eit tilbod som vart føreslått lagt ned, men no er sett på vent inn til vidare.

– I tillegg har BUFEAT tatt vekk ganske mykje ressursar som tidlegare var mogleg å bruke på litt lettare problemstillingar. Då blir det ganske magert rett og slett, seier Bergset.

– Vi har vel opplevd kapasiteten på Helse Førde og barne- og ungdomspsykiatrien som nesten sprengd allereie. Eg tenkjer at dette er veldig tvilsamt og veldig, veldig uheldig, legg ho til.

– Vi vil ikkje svikte

Direktør for Psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch, seier kuttforslaga ikkje skal gå utover helseføretaket og spesialisthelsetenesta si plikt.

– Vi skal behandle dei alvorlege sjuke pasientane. Dersom vi ikkje gjer det og kommunane må ta over, så sviktar vi oppgåva vår. Det ligg ikkje i korta i høve til det vi har tenkt på i høve til budsjettet for 2015, seier han og meiner samarbeidet mellom helseføretaket og kommunane blir avgjerande:

– Vi er fullt merksame på vårt ansvar, men er opptekne av at dersom vi gjer vår jobb, og kommunane sin jobb, så får begge partar utnytte ressursane sine og kompetansen sin på best mogleg måte. Og pasientane får eit endå betre tilbod.

Lovfesta psykolog

Bent Høie

LOVAR: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) sa i september at målet er lovfesta kommunepsykologar.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Det er endringar på trappene også i det kommunale psykologitilbodet. Stadig fleire kommunar søkjer helsedirektoratet om tilskot til kommunepsykologar.

Under opninga av Psykologikongressen haust, signaliserte helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) nok ein gong at han vil lovfeste at kommunar må ha psykolog. Noko få har i dag.

– Vi vil innføre lovkrav om psykologar i kommunane og lagar eit finansieringssystem som sikrar at kommunane tilset fleire psykologar, sa han.

Best mogleg utnytting

Reusch og Helse Førde har tidlegare vedgått at færre tilsette vil gje dei mindre moglegheiter til å reise ut i kommunane.

– Ser de den frykta for at dei får mindre hjelp ute i kommunane?

– Vi ser at vi må vere veldig merksame på å bruke ressursane våre på å nå dei minst ressurssterke som har behov for vår hjelp, slik at vi får utnytta reisebudsjettet som framleis ligg der på best mogleg måte og at vi får fanga opp dei som er alvorleg sjuke.

– Frykteleg dårleg tidspunkt

Som kommuneoverlege Jan Helge Dahle i Flora, meiner likevel kommunepsykolog Bergset at kommunane ikkje er rusta for å handtere situasjonen.

Dersom kutta blir vedtekne.

– Kutta i Helse Førde kjem på eit frykteleg dårleg tidspunkt, og er ikkje i samsvar med røynda i kommunane. Eg tykkjer ikkje kommunane har hatt ein rimeleg sjanse til å byggje opp eit god nok tilbod. Difor blir dette ein veldig alvorleg periode fram til ein eventuelt har fått bygt opp det som skal vere i kommunane, seier ho.